Bjørgulv Myhola med stuten, omkransa av turistar
Han låg i senga i kjellaren på Lidi i Jordalsbø. Eg hugsar oldefar, for han vart veldig gammal og dei siste åra var han så dårleg til beins at han berre låg i senga i kjellaren hos bestemor og bestefar.
Då han var borte køyrde vi hest og slede dei få kilometrane det tok frå Jordalsbø til Skomedal.
Bestefar Svenke var stødig med hesten, så det var trygt og godt og veldig moro. Det gamle husa etter oldefar skulle rivast, så alt måtte vekk. Den nye vegen skulle gå der huset stod, men så ombestemte dei seg. Då var allereie huset rive. Det var ikkje mykje igjen, men for nokre år sidan fekk eg telefon frå ein eldre mann i Vennesla som hadde eigd hytta like ovanfor vegen. Han hadde funne stokkane til oldefar og ville eg skulle ha dei.
Så kom eg til å tenka på det mora mi fortalde, at nesten alt hadde vorte stole den tida det stod tomt. Til og med eit blytungt bord, skjært ut av eit stort tre, var borte. Ho sa det må ha vorte henta med heisekran. Og kista med alle horna etter oksane, kor vart ho av? Ærleg talt, bestefar burde visst at oldefar var kjendis og at tinga hans ville bli stole.

Oldefar vart det ein kalla ein god gamaldags bygdekjendis, slik ein vart det i gamle dagar. Ikkje fordi han stilte opp i reality-program eller var youtuber, for sånt fanst ikkje på hans tid. Mobiltelefonar var òg framandord, så han var kjendis på den måten ein var kjendis. Han var einar i sitt, ein bygdeoriginal av den gamle sorten, men på positivt vis.
Lett var det ikkje å finna rom til å henta tinga hans, for bestefar jobba i skogen. Gjennom eit langt liv og hardt arbeid som tok mykje tid var det ikkje så mykje overskot. Han sleit på den gamle måten med hest og ikkje traktor.
1. mars 1969 fekk han heidersbeviset frå Skogselskapet, med diplom og blomstrar «for framifrå arbeid og fin framferd i skogen».
«Diplom og medalje til skogmann i Bygland», var overskrifta i Fædrelandsvennen laurdag 8. mars 1969. «Mange skogfolk var møtt fram for dette høvet, også mange venner og kjenningar. Aust-Agder fylkesskogkontor var representerte ved fylkesskogmeister Chr. Skinnes. Dessutan var heradsskogssmeister Egil A. Berntsen og formannen i Bygland skogeigarlag M. T. Attestog til stades». Reportasjen Fædrelandsvennen laga av hedringa av Svenke var fyldig og verdig. I velkomsthelsinga si heldt verten Håkon Skeie fram Svenke Bjørgulvsons store personlegdom. Eit arbeid er i trygge hender når Svenke har teke akkorden. Det vare seg tømmerhogst, køyring eller skogkulturarbeid, vart det sagt. Og så skriv P. V. det som alltid følgde med når etterkommarar av Kjempa vart omtalt. «Om Svenke har runda 70 år er det å vona at han enno i mange år vil vera aktiv skogmann. Han har godt å slekta på: Han er son til Bjørgulv Myhola, som var ein sterk og strevsom mann. Og denne Bjørgulv var soneson til sjølvaste dalekjempa Bjørgulv Uppstad, som det framleis gjeng gjetord om. Det var første gong fylkesskogmeister Skinnes var i Setesdal på eit slikt oppdrag.

Angra Svenke nokon gong? Angra han på at han drog heim frå Amerika? Hadde han vorte verande hadde vel eg vore amerikanar no, om han nokon gong hadde gifta seg.

Korleis gjekk det så med dei andre borna til Bjørgulv? Tja, så som så. Eldstemann Svein som var fødd 1. september 1895 kom òg heim frå Amerika og gifta seg med ei som var mykje eldre, og fekk ikkje barn. Tone som var fødd 26. januar 1897 budde på Hornnes og var einsleg heile livet. Anna, som var fødd 19. september 1901 studera sjukepleie i Christiania. Ho fekk tuberkulose mens ho hjalp andre, og døydde 16. april 1926.
Far hennar gjekk over heiane for å kome til ho på sjukehuset og brukte fem døgn på turen.
I eit hjarteskjerande brev til faren Bjørgulv skriv Fr. Stabell på Menighetssøsterhjemmet om bortgangen hennar:
«Og når vi da får være forvisset om at Anna gik frelst og salig hjem efter Guds vilje og plan, da bøyer vi oss for hans vilje og tror hans veier er bedre og høyere enn vores,».

Det må ha vore hardt for Bjørgulv å få ein sånn beskjed om yngste dottera. Eivind – som var fødd 28. november 1910 og yngst av Bjørgulvs barn – gifta seg seint med ei som var for gammal til å få barn. Han døydde 11. November 1983 utan å få eigne barn.
Bestefar var den som måtte la «slekt følgje slekters gang», som det heiter i den kjente jolesongen «Deilig er Jorden».

Småbruket i Lidi vart bestefars livsoppgåve utover arbeidet, men så fekk han berre døtrer. Han som streva for at søner skulle overta. Han gav litt opp då, og vegen til Polet vart kortare. Han fekk ikkje lov å ta seg ein støyt inne, så han måtte ned i skålen og sjå til hesten, der han òg hadde gøymt brennevin.
Det gjekk som det gjekk med småbruket. Han vart gammal og skrøpeleg, dei flytta til byen på vinteren, men ville berre heim att til Bygland. Eg trur døden kom nærare i byen. Bestefar var 16 år eldre enn bestemor, men då bestefar vart henta av sjukebilen for siste gong i Slettheia, måtte òg bestemor leggast inn. Ho levde seks månader lengre, men eg hugsar ho vart gammal over natta. Døtrene hadde for lengst flytta til byen og etter at bestefar var borte var småbruket òg forlate.
Svenke var knytt til hesten «Bellmann», som var den siste han eigde. Noko anna var det med faren hans Bjørgulv, for han brukte berre okse. Han var historieforteljar, ja den siste forteljaren. Ein slags uhøvla versjon av Per Aabel. Men oldefar fortalde om livet han hadde levd, men mest om bestefaren og farbroren.
Det blir sagt at når ein gammal mann døyr, brenn eit bibliotek. Det gjorde det verkeleg med oldefar Bjørgulv Myhola.
«Ein Byglands-original fyller 75 år», stod det på trykk i Fædrelandsvennen laurdag 20. september 1947. Bjørgulv S. Myhola var fødd i Myhola, ein heiegard som høyrer til Bygland, den 21. september 1872, og han kom til å leve heilt fram til 18. august 1968.
Foreldra til Bjørgulv var Anne og Svein Myhola. Han var den andre i rekkja av sju sysken. Då ei jente var eldst, vart Bjørgulv odelsgut til Myhola. Eldst av søskena var Sigrid som var fødd 19. Januar 1868 og utvandra til Amerika på dramatisk vis 15. april 1893 då fetteren Eivind N. Skomedal hadde gjort henne gravid.
Det vart vondt blod mellom Svein og Eivind etter dette. Eivind vart meldt av onkelen sin for legemsfornærmelse. Eivind hadde hoppa inn i senga hans på natta med «kloring, slag og kverking» som det stod i rettsprotokollen 20. mai 1893. Svein fekk hjelp med å komma seg opp av senga, og med hjelp av sin tollekniv vart Eivind jaga på dør.
I rettsprotokollen står det i meldinga frå Svein mot Eivind at hadde han ikkje fått hjelp til å komma opp av senga kunne det gått riktig gale. ««Strags raabte Svein på vidnet, at han måtte komma op elles kom Eivind til å dræbe han». Mykje tyder på at det vonde forholdet mellom dei varte livet ut. Nok mest på grunn av at Eivind hadde gjort henne svangar med barn og betalt reise for henne til Amerika.

Dottera vart verande i Minnesota, gifta seg med ein nordmann og fekk fleire barn, medan hennar lillesøster Anne som var fødd 12. november 1875 følgde etter, men enda opp over grensa til Canada. Det var her bestefar budde i nokre år. Bjørgulv hadde tre søsken til. Ein gut døydde ung, og dessutan Ingebjørg som var fødd 28. august 1877, og vart buande i Åseral til sin død 20. mai 1969. Det same gjorde Torbjørg som var fødd i 1885 og levde til 1977.
Dottera Torbjørg gjekk på skule i Ose som 15-åring og budde mellombels på skysstasjonen som Dreng Ose dreiv. Fleire av Sveins barn arbeida på skysstasjonen, som vart driven av «nokon i familien» vart det sagt. Skysstasjonen, som i dag er i full drift som kafeteria er i dag kjent som Ose Turistheim. Den vart starta i 1890 av Tarkjell Heistad og kona Aslaug, men det var ho som var rivjernet. Då han døydde, allereie i 1896, satt ho igjen med 3 barn. Eldsteman Såve tok over etter henne. men det var Aslaug som utvida og forma det meir lik slik det er i dag.
Torbjørg Myhola vart gift med Asbjørn Madsson Dåsvatn (1901-1963), og dei to fekk sonen Ingemann (1928-1999) og dottera Birgit Dåsvatn (1929-2002). Ingemann var kaptein i Forsvaret. Han fekk fleire barn. Birgit var høgt respektert sjukepleiar og helsesøster i gjennom heile livet, noko ho fekk Kongens fortenestemedalje for. Ho vart aldri gift, busette seg i Åseral og mista livet i ei bilulykke på veg til gravferd. Birgit var berre kjent som «Syster Birgit». Ofte sykla ho rundt til folk som trong hjelp. Mange dagar måtte ho bu i dagevis hos pasienten. «Om det trongst, måtte ho endåtil overnatta på same rommet som den sjuke for å yta hjelp døgnet rundt! I tillegg til det som pårørande stod for, var også nabohjelp viktig den gongen. For Birgit var det viktigast at ingen som trong hjelp, vart liggjande utan å få det,» skreiv redaktør i Setesdølen Sigurd Haugsgjerd i minneorda. Birgit var òg oppteken av å halde seg i form, og gjekk Sesilåmi som ein av dei eldste deltakarane mest kvart einaste år. Det var Birgit som var vegvisar sist vi var på Myhola, ei gong på 90-talet.
Birgit fekk ikkje barn. Denne delen av slekta etter Bjørgulv Uppstad fekk få barn. Svein Myhola har ikkje mange etterkommarar, men det er då nokon i USA, Canada og her i Noreg.
I eit innlegg i Fædrelandsvennen i mai 1926, gir T. O. Lien ei oversikt over innbyggarane i Oklee, Minnesota. Både ein del som då er gått bort og dei som lever. Daniel Reierson bur i Oklee med kona Sigrid Sveinsdatter Myhola. Sigrid kom aldri heim. Ikkje noko tyder på at Daniel heller gjorde det. Han var frå Konsmo ved Mandal, f. 10. mai 1864 og son av Reier Thorstensen. Saman med broren Reier drog han til Amerika i 1882, der han trefte Sigrid nokre år seinare. Daniel dreiv slaktebutikk og han og Sigrid var sentral i dei første åra då Oklee hadde sin storhetstid. Dei var òg med å bygde Zion Lutheran Church, som er eit landemerke i området. Han var diakon då immigrantane møttest i Ola Vattendahls heim for å starta forsamling. Forsamlinga, med det lange namnet Oak Park Scandinavian Evangelical Lutheran Church, vart stifta 14. januar 1909. Området dei slo seg ned på heitte Highlanding. Daniel døydde i 1930, medan Sigrid døydde i 1949. Ho var då 81 år. Daniel og Sigrid fekk fleire barn. Fleire etterkommarar bur i dag i California.

Bjørgulv S. Myhola hadde vorte gift med Birgit Hallvardsdotter Eldhuset i 1894. Han hadde flytta heimanfrå til Heggtveit i Åraksbø då han var 24 år og leigde seg ein gard der. Etter tre år kjøpte han garden og budde der i seks år til før han flytta til Ose. Han leigde seg gard der i to år før han flytta til Myhola og tok over garden etter faren Svein, då han døydde av kreft 20. april 1903.

Svein Myhola hadde kjøpt Myhola i 1870. Han var først gift med Anne Svenkesdotter Ose, men ho døydde allereie i 1872 i barselseng da Bjørgulv ble født. Sidan gifta han seg med søstera Birgit. Søstrene var døtrer til Svenke Skore og Torbjørg Vrålsdotter Ose.
Svein var ingen smågut men son til sjølvaste Setesdalskjempa Bjørgulv Uppstad som sonen brukte eit langt liv til å fortelja om. Svein var stor òg, det forstår ein når ein les rettsprotokollar frå han var ung villstyring. Han kom fleire gonger på kant med lova og fleire gonger på vatn og brød på det som i dag heiter Hornnes hjelpefengsel.
I fleire av sakene mot Svein, er lillebror Tarjei eit av vitna som forsvarer han.
Det skjer mellom anna i ei sak der ei kvinne har meldt Svein for overfall. Svein og Tarjei var saman på denne garden og kvinna er utvilsamt blodig, men Tarjei har ikkje sett noko som helst overfor dommaren. Brørne stod saman ofte.
I ei anna sak mot Svein i 1867 er klager Per Nilson Skomedal, stesønn til Gyro Bjørgulvsdotter, Sveins søster. Lensmann Fidjeland møtte opp på Landsverk, der Svein budde hos broren Eivind Bjørgulvsen. Lensmann Fidjeland skulle henta Svein til rettslokalet, men fann ikkje Svein hos broren, då han var reist til Skomedal i Bygland. Lensmannen tok då turen til Skomedal, men måtte innom for å henta lensmann Liestøl som då var lensmann i dette området. Angjeldande Svein Bjørgulvson skal ha forklart seg til å vera 31 år gammal, fødd på garden Brokke i Hylestad i Valle prestegjeld. Foreldre var ektefolka Bjørguf Eivindsson Upstad og Sigrid Olsdatter, som begge er døde. Han er konfirmert i Evje hovudkyrkje av prost Knudsen omtrent femten år tidlegare. Då han var 10 år flytta foreldra hans til Gautestad i Evje.
«og angjældende der er ugift, har havt sitt ophold der ind til faderen døde for omtrent 1 år siden, fra den tid av ike havt noget fast opholdssted, men holdt seg mest på Skomedal hos sin søster Gyro Bjørgufsdotter, som er gift med Klagerens fader Nils Pedersen, dels hos sin broder Eivind Bjørgulfsen paa Landsverk i Evje sokn og dels paa andre steder, men som oftest reiser han omkring i distrikterne paa handel med smaakræaturer og storfe».
Angjeldande Svein Bjørgulvson var saman med Klageren i slåtten då skaftet losna på ljåen. Dei kom i krangel fordi han fekk ikkje låna brynet for å slå skaftet på plass med. Svein vart irritert og slo Per i halsen med den eine armen, og han tok brynet med den andre:
«det var ikke hans mening at hermed – at gjøre han noget ondt og har han taget noget hardt i ham, saa har det vært imod hans hensigt».
Svein slo på skaftet og gav tilbake brynet, medan då kom eit av vitna og Per sa då til henne:
«Nu havde jeg saanær faaet juling».
Han meinte Svein hadde slengt han overende. Dei kunne ikkje vera saman i arbeidet etterpå, men dei gjekk saman «i god fred til stølen og fortalde hvad som hadde sked».
Det er kanskje dette som heiter «ungdomssynder».

Ein gong – den 2. november 1867 – var han på dampbåten Dølen, og sidan det var kaldt ute gjekk han ned i rommet der fyrbøtaren har plassen sin. Han var freista å varma seg, men vart gjort oppmerksam på ein fin måte at han ikkje fekk stå der. Men til ingen nytte. Fyrbøtaren og maskinisten følte seg trua. Men dei våga ikkje prøve seg. Reidar Vollen – som no er død – men som skreiv fleire bind av «Bygland Gard og Ætt» fortalde at ein kan lesa mellom linjene i protokollen at dei frykta han, og at han må ha vore stor og sterk. Men Svein roa seg då han vart gift og vart ein respektabel gardbrukar og oksetemmer. Det var frå far sin Bjørgulv lærte å temma oksar og bruka dei som trekkdyr.
Livet på heiegården Myhola var tøft på vinteren. Stuten var dei avhengig av, både far og son Myhola. I 1868 reiste far til Bjørgulv med den største køyrestuten han nokon gong hadde hatt. Han vog 80 pund (480 kg) og målte 14 kvaartel (308 cm). I den tida var det ikkje hestesko og få kjøpt, så Svein reiste til Grunde Austad og fekk han til å smi sko til stuten. Dei var 7 tommar i tverrmål og heile gongen vog 6 kg. Så reiste han med stuten ut gjennom dalen og austover til Herefoss, Øyestad og til Grimstad, og det var is på vegen overalt der dei gjekk. Han selde stuten til slaktar Pettersen i Grimstad, men Pettersen gjorde i avtalen det vilkåret at Svein skulle gå rundt i byen med stuten, så folk fekk sjå at den var skodd som ein hest og kunne gå på glatt is. Sidan vart oksen sett inn i stallen til Pettersen for han måtte ikkje slaktast før sonen kom heim og fekk sjå han. Då han kom, sa Pettersen til sonen sin: «No skal du sjå noko som du aldri har sett før. Oksen gjekk på hestesko og mannen i kvite sokkar og setesdalsbunad»

Svein heldt aldri hest, det var berre stutar. Han var makelaus til å handtera dei så Bjørgulv gjekk i god skule. Svein drog ein gong over med kløv over heia. På høgaste heia kom det eit overhendig vêr med vind og snøfokk, som jo òg Bjørgulv opplevde fleire gonger. Han kunne verken sjå fram eller tilbake. Det tok til å mørkna, og det var nesten umogleg å komma lenger. Svein tok klove av stuten, og lot han gå laus. Sjølv tok han kleda til å legga på ryggen under klove og sveipte seg inn i, og la seg i ly bak ein stein. Stuten gjekk rundt steinen fleire rundar, men så stansa han ved Svein, grov vekk snøen ved sida hans, og la seg inn til han så nær han kunne komma. Og slik låg han heile natta. Om ikkje stuten hadde gjort det ville Svein truleg frose i hel. Om morgonen letta vêret, og dei kom vel heim.

Mykje tyder på at Sveins rotlause ungdomstid gjekk i arv til sonen Olav, som også vart straffedømt. Birgit flytta til Åseral med dei minste barna, Ingebjørg, Olav og Torbjørg, etter at Svein døydde i april 1903. Olav var ein villstyring. 24. mai 1902 vart han som 19-åring idømd 1 års straffearbeid og erstatning for eldspåsetjing hos landhandlar Nordgaard på Byglandsfjord, men dommen vart skjerpt på grunn av fleire saker. Mellom anna tjuveri. I 1906 døydde Olav av tuberkulose, knapt tre år etter at faren gjekk bort.
Svein var ingen rik mann, tvert imot. I skattelikninga for Austad sokn i 1897 står han oppført med 1500 kr i formue og 350 kr i inntekt, som ser ut til å vera eit stykke under gjennomsnittet. Ein kan vel seia at Bjørgulv og søskena Sigrid, Anne, Ingebjørg, Olav og Torbjørg vaks opp under til dels vanskelege kår, sjølv om dei var sjølvberga på det meste.

Bjørgulv hadde jernhelse heile livet. Han fortalde Fædrelandsvennen om då han var 14 år og for første gong skulle ta seg over heia til Skomedal etter kløv. – Eg kom til Skomedal på kvelden og overnatta der, men andre dagen då eg skulle over heia igjen var det slikt eit stygt snøvêr at ingen ville vel vågd å gå over heia, men det vart til at eg reiste likevel. Far min hadde vore redd for at eg ikkje kunne komma fram over heia, og han drog for å møta meg halvvegs på høgfjellet. Men då han ikkje kunne sjå eller høyre meg nokon stad rekna han med eg hadde lagt meg til på Skomedal, men då eg kom på høgheia, var det så mørkt og tjukt vêr at eg trudde eg ikkje ville finne fram, og var òg trøytt etter å ha brøytt meg fram heile dagen i uvêret. Snøen gjekk no til knes. Eg tok kløva av oksen og batt han i den eine kløvmeisa. Så tok eg kløvhøy og la det på snøen, og det var senga eg hadde den natta. Men eg sov i fleire timar. Då eg vakna var tøyet på kroppen stivt og klaka av frost. Eg var berre litt forkjøla etter denne turen, men har omtrent aldri vore sjuk heile livet.
Det vi veit om denne hendinga er at den òg vart omtalt i Fædrelandsvennen i 1887.

Bjørgulv Myhola dreiv garden godt og hadde 10 kyr, 30 sauer og nokre geiter. Han hadde ikkje hest og brukte okse i staden, og for det vart han kjent som Sørlandets største stuttemmer. Mangt eit bilde finst av han og stuten som dreiv kjerre. Han skodde oksane sjølv og når dei var dratt til dei evige jaktmarkene samla han horna i ei eigen kiste i huset sitt på Skomedal, som eit minne får ein vel tru.
I 1917 selde Bjørgulv Myhola og flytta til Egså i Åseral, der han bruka ein gard for kommunen. Etter tre år kjøpte han garden Bydal i Åseral. Kona hans døydde der i 1926. Ho døydde berre nokre veker etter at dottera Anna fekk tuberkulose medan ho studerte sjukepleie i Oslo. Det må ha gått hardt inn på Birgit, som fekk slag. Ho vart berre 59 år då ho døydde 15. oktober. På den tida var det berre sonen Eivind som budde heime, då døtrene flytta ut og to av sønene var i Amerika.
Svenke drog frå Kristiansand 19. mars same året mora døydde og fekk ikkje bli med i moras begravelse. Han drog ut frå Kristiansand med kurs for Halifax i Canada. Frå før hadde eldste broren Svein reist over dammen og jobba som tømmerhoggar i Canada. Yngste bror Eivind som var fødd i 1910 drog ut to år senere, den 5. juni 1928 frå Kristiansand. Alle tre brørne kom heim igjen. Svenke kom heim med Amerikabåten S.S. Bergensfjord i 1932.
Nylig gav Geir Hestmark ut boka «Lykkeskipet Bergensfjord,» men då med fokus på krigsåra.
Bjørgulv kunne ikkje bli verande i Åseral, det var for tungt å drive dette bruket, så han kjøpte seg i staden ei stove på Skomedal i Bygland der han vart verande.
Laurdag 2. april 1932 inviterer han til innflyttingsfest frå gamlestua til den nye bustaden sin på Skomedal. Olav Skomedal, Mikkjel Skomedal, Andreas Larsen og Olav Heggland hadde vore flyttehjelp. Den kjende meisterspelemannen Olav Heggland spelte på festen, og det var invitert til dans.
Eg var ein gong sjølv med bestefar til Olav Heggland, før Olav døydde i 1974. Det var på sommaren og jordbær og fløta freista alltid. Først mange år seinare forstod eg at eg hadde vore i same rom som ein berømt spelemann.

Fædrelandsvennens utsende forteljar i 75-års intervjuet om det han vart kjend for, temming av oksar til trekkdyr i staden for hest. Bjørgulv fortalde i intervjuet at han hadde køyrt oksar i 55 år og på den tida hadde han lært opp 12 oksar og fire fylkesoksar for andre.
Bjørgulv meinte okse var billegare å få ein hest, og dei var sterkare. Og å leige hestar var dyrt. I omtala i avisa står det at i fleire år gjetne Bjørgulv fylkesoksar, m.a. eit år ein frå Åraksbø og Valle.
«Oksen frå Valle hadde stade på båsen i fleire år og dertil var mannevond. Frå Valle skulde dei møte i Heggland, der Bjørgulv skulde overta. Dei var tre menn og hest. Mannen som køyrde hesten leidde oksen i band frå naseringen og sat på kjerra. 2 mann gjekk etter med line i eine framfoten og eit rundt horna. Dei fekk inn oksen i ein stall og reiste sin veg. Då Bjørgulv kom, løyste han alle band so nær som lina rundt horna og åleine leidde han oksen 2 mil til Myhola utan at oksen gjorde noko. Bjørgulv har never som stål og dertil eit særs lag med oksar og kjenner deira lunar», skreiv avisa.
Bjørgulv gjekk alltid med dølebunaden, det vart kjennemerket hans. Han prata ekte daledialekt som det berre var nokon få som gjorde for seksti år sidan. Han var uvanleg gjestfri og god til å fortelja frå gamle dagar, den gong det var nok bjørn, kunne avisa slå fast.

For nokre år sidan fekk eg brev med utklipp av Tarjeis barnebarn Einar. Han skriv at bestefaren og oldefaren min var gode vener. Utklippet hadde hange på veggen på Kvinen i mange år med ramme. Einar flytta frå Kvinen i 1967. I utklippet er det Jon Sæland som skriv om «Tarjei på Kvinæ – Siste reis», der han skriv om Tarjeis siste tid. Kva som er det rette namnet, Tarjei eller Torgeir veit ikkje eg, for namn kunne endra seg i endra tid. På bildet står han namngitt som Torgeir Kvinen. I kyrkjeboka der det står oversikt over døde står han omtalt som Torje Olsen Kvina (f. 1849). Jon Sæland skriv Tarjei, så vi forheld oss til det her.
Historia er skriven på gammal dialekt såg for lettare lesnings skuld brukar eg delvis nynorsk og forkortar det noko:
Inne på heia mellom Sirdal og Setesdal hev det fram etter tidene budd mange gilde folk. Som andre heiebuarar hev dei slita seg igjenom utan rikdom eller velstand på jordisk gods. Men greidd seg sjølv har dei gjort og friske har dei vore. Truleg like lykkelege dei som andre, ja i bland vel so det – i all si armod.
Ein av de best kjente heieboarer i manns minne, var Tarjei på Kvinen. Han var fødd på Kviplasset, ein liten gard eller plass tett med Kvina (grensa mellom Sirdal og Setesdal), halvanna mil frå næraste nabogrend – Houen i Sirdal. Og på Kviplasset budde han all sin dag med unntak av eit par år i Kristiansand. Heile Sirdal og Setesdal kjente Tarjei. Og Jærlandet med. Ja, han var ikkje minst kjent på Jæren, sjølv om han sjeldan vanka der. Men gjetordet om han gjekk. Mange vart glad i denne kjempesterke, men godslige og rødige fjellmannen, at dei gjerne ville treffa han. Mellom anna bar folk på heia med gjetord til bygdene. Han treivst ikkje i byen. Han forsvann ein dag så dei måtte leita etter han på brygga og overalt, men han var ikkje å oppspora. ja, då det lei på noko, spurdest det at han var komen heimatt til det fattige slottet sitt langt nord i heiane attmed Kvina. Der hadde han elles kone og fleire barn. Sidan fekk ingen han der ifrå.
Det som først og fremst gjorde Tarjei med Kvinæ så mykje umtala og so vide kjend var dei store kreftene hans attåt det tinget, att han var så god til å røda og var så vel kjend i heiene mellom Sirdal og Setesdal og visste så mykje om liv og rørslor her gjennom fleire mannsaldrar.
Om kreftene hans gjeng det mange segnar. Men det kan vera nok her å nemne, at han i ungdommen sin kunde gå med 100 kg. på ryggen den 13 km. lange vegen frå Houen i Sirdal yver heii til Kvinæ på ski – «utan at det hindra han noko større». Han hadde eit framifrå minne, var jamt i godlag, skjemten hekk han i lippa og han åtte ein forteljarkunst av Guds nåde.
Tarjei Kvine vart funnen død og stivfrosen på Kvifjorden, ei halv mil frå heimen sin, den 13. desember 1927. Han var då 78 år gammal.
Den 2. desember tok Tarjei ut på ski frå heimen sin, og vilde fara på vitjing til sona, Ola, som budde på Solhom, tvo mil lenger ut i heiane. Han må have kjend seg sterk enn. For den aldrende mannen ville ikkje ein gong ha med nistemat på denne to mils turen over ville heia ein vintersdag. Men sonekona var strid og fekk han til å taka med ei lefse som ho stakk i lomma hans. Det var alt. Så gjekk Tarjei, og seinare så ingen han levande. Det vart ikkje spurt etter han heller. Det var ikkje telefon eller postgang i heiene. På Kvinæ trudde dei han var på Solhom og på Solhom trodde dei han var på Kvinæ. Men 11 dagar seinare kom Aslak, sona, farande yver Kvifjorden med eit vedalass. Så fekk han sjå noko som låg ut på isen, og reist dit. Der låg Tarjei Kvinæ – død og stivfrosen. Kva som hadde hendt han og kor hardt det hadde vore for døden og vinna yver den gamle kjempa, kan såleis ingen fortelje noko sikkert om.
Men vêret hadde vore godt, så farvegen etter hon stod klårt og skile i snøen. Såleis veit me noko:
På lag ei halv mil frå Kviplasset hadde han gjenga om ei tom turisthytte. Då han var kommen eit stykke forbi henne, må han truleg ha stupa og brekt eine foten or lei eller skadd han såleis på anna vis, så han ikkje var brukande lengre verken til å gå eller krypa med. Så hadde han med hendene og den gode foten krope attende til turisthytta. Dette heiv vore same dagen som han gjekk heimafrå – fredag 2. desember.
I hytta hev han troleg halde til til sundags morgonen, utan annan mat enn lefsa. Med tollekniven hadde han spikka sund bord, hjellar og alt laust som var i hytta til elding. Han hadde ellast med kniven gjort seg krykker medan han var i hytta. Truleg sundags morgonen heiv han so – matlaus og eldingslaus – som han var med ein øydelagd, vond fot – teke på heimvegen som var 4 – 5 kilometer lang. Det var brennande kaldt i heiane desse dagane. Fyrst hadde han brukt krykkene 2-300 meter frå hytta. Sidan hadde han krope eller rettare sagt drege seg fram. Han hadde flutt båe hendene fram med ein gong og kring seks tumar um gonga og på same viset hadde han flytta etter den uskadde foten. Den andre hadde han dratt på som ein stokk. På dette viset hadde den 78 år gamle mannen krabba to kilometer fram etter den is- og snølagte Kvifjorden i bitande kulde. Og drege på den vonde foten – Utan å have eta meir på to døgn enn ei lita lefse.! –
Til slutt hadde han lagt seg over på høgre sida og – somna inn.
Så hadde døden vunne over Tarjei med. – Mang ei mørk haustnatt hadde han vore ute og mykje vondt hadde han li i sitt lange heieliv. Men helse og humør hadde han likevel som ingen. Han var aldri sjuk og sjukdom nådde ikkje i han til slutt heller. Sotteseng kom han ikkje i. Heiene som han var komen av og som han var eit med tok han att frisk, ein kald, rein solskinssundag – når dei trur det var sundagsmorgonen han tok ut frå hytta og at det var same dagen han døydde heiv dette sin grund i, at hunden på Kviplasset gøydde og var uroleg denne dagen. Dei som var heime akta ikkje på dette, men trudde berre hunden hadde teven av rein eller jerv. Men truleg heiv han høyrt omen av naudropi til husbonden.
Men det ein forstår av dette er at det var ikkje rart Tarjei og Bjørgulv fann kvarandre. Med denne historia om ein av Bjørgulvs beste vener er det lett å tenka seg til kva som kunne ha hendt ei av dei mange uværs-dagane på Skomeheia på veg til eller frå Myhola.
Tenka seg til, eg hadde ikkje vorte fødd og mange andre hadde ikkje vore fødd.
Får meg til å tenka på den julefilmen med James Stewart «it’s A Wonderful Life» frå 1946 der James rollefiguren sin er så langt nede at han vil ta livet sitt. Men han blir redda av ein engel, men først får han erfart livet viss han sjølv ikkje hadde eksistert, og kor mykje som blir endra om vi ikkje hadde vorte fødde.
Tarjei og Bjørgulv hadde begge kjempekrefter. Og dei føretrekte heia framfor byen.
Nokre få år etter 75-årsdagen er endå ein gong Fædrelandsvennen på besøk hos Bjørgulv Myhola. Han snakkar då om då bjørn og skrubb herja i krøterflokkane i Bygland. Det er for det meste Bjørgulv som fortel og dette er han god til. Alt står så klart for han som om det var hend i går. Og ikkje for ein liten mannsalder sidan. Bjørgulv ville fortelja om oldefaren sin Olav Tveiten – Eidvollsmannen frå Valle – for dette var ikkje omtalt i Johannes Skars forteljingar.

«Olav var ein god kar, om ikkje svært så stor av seg. Så var det på Eidvoll i 1814 at det hadde vore slik langvarig regn, at jorda var heilt oppløyst. Det var derfor lagt nokre plankar frå hovedbygningen og burt til vannhuset. Så kom Kongen sin adjutant gåande derifrå, med Olav på den motsette side. Så møtest dei på ein smal planke, med blaut gjørme rundt. Ja, her lyt makta rå, sa Olav, og tok Kongens adjutant på strake armar og sette han ned at greitt bak seg. Det var det einaste karstykkje han gjorde på Eidsvoll, sa han sidan. Ein annan gong slost han med ein engelskmann i Kristiansand. Denne kunne bokse, og var svært vrang å få tak i, slik at Olav heldt på å måtte gjeva seg, men så fekk han fatt i øyro på mannen, og då hadde han tak! Sume vil ha det til at han sleit dei av, men det var ikkje sant. Han berre dengde og slo på engelskmannen til han trudde han var godt rundjula. Sidan fekk han utbetala 10 dalar som var sett opp til den som kunne slå han.
Bjørgulv har fortalt mykje bjørnesoger, og mellom anna om far hans som stadig kom ut for bjørn. Far hans var likevel aldri redd bjørn. Det var ikkje stort annleis enn å jaga ei ku, mintest han. Men den skada eller eggja verken han eller ungane hans nokon gang, og det var vel det som berga han.
«Den største bjørnen såg han i Rosevatslida. Far gjekk og bar på ein rå fydding av ein sau, og dette gjorde at bjørnen ikkje kjende mannslukta. Så var det under ei ufs like ved vatnet at far såg opp, og der, reis det opp ein ravnsvart bjørn, som gav seg til å spasera på to og bura. Far sette i eit gaul, og tenkte å hoppe på vatnet om bjørnen kom, men den stokk visst like mykje, og rusla sin veg. Ein gong kom far frå Pytten. Då han gjekk forbi Gryte, såg han tre bjørnar som stupa, d.e. tok faret etter einannan. Dei var heilt utkjøyrde kunde han sjå, for det var tett innpå ein meter nysnø men aldri at han ensa det og aldri at nokon reiste avsted for å jakta. Einast var brørne Tomas og Knut Liestøl. Dei var ivrige jegarar og gode til å skjota. I snøen ved Skorfjell grov deg opp og skaut den siste store slagbjørnen der. Det må ha vore i 1909 eller 1910.»

Same året Bjørgulv fortalde bjørnesoger til Fædrelandsvennens utsende blei han på ny omtalte i samband med 80-årsdagen sin.
«Kven skulle tru at Bjørgulv Myhola alt er 80 år, vil nok mange seia i desse dagane, for Bjørgulv er kjend i vide krinsar, der han i Setesdals-bunad med kjepp i hand kjem ruslande etter vegen eller kor det no elles skulle vera». Slik byrjar avisa omtala. «Sterk helse har eg alltid hatt,» fortalde han. Han hogg taumar som 80-åring. «Fellinga av treet var verst, då ryggen nok ikkje var heilt som i unge år, men med hjelp av ei kasse han bar med seg å sitje på, gjekk det svært unna.» Fædrelandsvennens utsende Pål Vollen, eller P.V. som han vart kalla, mente han ikkje tok munnen for full ved å kalla Bjørgulv for den siste vikingen.
«Å sitja å høyre Bjørgulv fortelje frå gamle dagar er ei sann oppleving. En kan verte sett ein mannsalder attende, eller spørje om kva ein vil,» skreiv P.V.
Redd har eg aldri vore i heile mitt liv, fortalde Bjørgulv.
– Ikkje om du såg spøkelse?
– Nei, aldri! Nervane og helsa mi har vore så god som ein kan ynskja.
– Men du har sett spøkelse? Spurde P.V.
– ja, så visst som eg ser deg no. Det var på heia i halvskymringen at synet framfor meg vart fylt av eit vesen med menneskjehovud og dyrekropp. Eg freista meg med fleire bibelord og slikt, men skikkelsen sto der like godt, men så byrja eg på Luthers salme, og så sokk han i golvet.
– Og kva for salme var det?
– Det var den om verden full av djevlar. Bjørgulv seier ordrett hele verset til P.V. Slik er det med alt det gamle som han hugsar. «Den minste detalj har han fest seg , som berre den som er helt naturmenneske og skarp iakttakar», fortalde P.V.
To år seinare, i 1954, fekk Bjørgulv sorg då dottera Tone døydde i Hornnes. Avisa skreiv om «stor gravferd i Hornnes», etter at Tone Bydal hadde døydd brått av hjarteslag. Ho var ei flink og strevsam jente som bl.a. hadde hatt bedehusvasken i mange år. Bedehuset var fullt og soknepresten takka. «Far hennar Bjørgulv Myhola, som nu er busett på Skomedal og er av den kjende kjempeslekta frå Uppstad takka bygdefolket for den tid Tone hadde budd her. Ho hadde lika seg godt i Hornnes».

Året etter er avisa igjen oppi dalen for å høyra Bjørgulv fortelja. No fortel han om svenskekongen, om bestefaren og farbroren. Bjørgulv elska å snakka om kjempekarar, og særleg om forfedrane sine. Han bar på ein draum om at historia om tidsalderen til neveretten skulle bli bevart for ettertida, og ingen skal seia han ikkje gjorde det han makta for å halda dei i live. Kva ville han sagt om at oldebarnet vil følgja opp draumen hans med eit opplevingssenter for kjempene og gjera heile dalen til Kjempedalen. Ja, det kan ein berre tenke seg.

Hadde eg vore like stor og sterk som oldefar hadde eg vel berre gått til ordføraren med heile mi vesle tyngde, men eg er jo i alt for store sko. Men det skal ikkje stå på meg heller.
I motsetning til forfedrane sine følgde Bjørgulv lova, ja nesten alltid i alle fall. Tidlegare justisminister Jens Haugland skreiv om lovbrot i Setesdal og nemnde denne historia om oldefar.
Bjørgulv Myhola kom køyrande med stuten sin til ting i Bygland og ålboga seg fram til skrivaren Anders Grindland. «Kva er det du vil Bjørgulv,» spurde skrivaren.
«Eg fylgjer lovi,» svara Bjørgulv. «Nei gu gjer du ei,» sa Grindland. «Jau, det gjer eg det,» svarte Bjørgulv og slo neven i bordet. Det var rettergang det. Og dei fleste gjer som Bjørgulv i dag.
Dei fylgjer lova.
Det er blitt sagt før, men bestefar til Bjørgulv var altså den berømte storkjempa Bjørgulv Uppstad som Johannes Skar var så begeistra for, og som tidlegare statsminister Jørgen Løvland såg opp til. Farbror til Bjørgulv Myhola, Knut, var nesten like kjent som faren Bjørgulv Uppstad, og postkorta med bildet og teksten «Setesdalskjempa Knut Bjørgulvson» viser kor store kjendisar kjempekarar var på den tida. Ein stein Knut løfta, på 314 kilo, ligg framleis utanfor rådhuset i Bygland med bronseplakett på kor det står at Knut Bjørgulvson løfta denne steinen. Han løfta den to fot over jordkanten. Bjørgulv fortalde historia mange gonger og var nok med forteljingane sine ei viktig årsak til at steinen står der den dag i dag. Steinen tilhøyrer Bygland museum.
Bjørgulv fortalde: Knut farbror reiste ein gong vestover heiane frå Setesdal til Kvinen i Sirdal. Han tok inn til Torgeir Kvinen og om kvelden bad han Torgeir setja hesten på stallen. Hesten var så vond og fæl at han spende sund alt som var i stallen. Så spurde farbror Torgeir etter ei jarnhelle og eit tjor, for å binde hesten ute for natta. Der gjekk han til morgonen. Då karane kom på tunet spurde farbror om Torgeir ville ta jarnhella og bandet av hesten. Det torde ikkje Torgeir, for hesten kom på bakføtene med gapande kjeften og ville bita. Då tok farbror tak i framføtane og kasta hesten overende på jordet. Der låg hesten og spende til han arma seg ut. «No kan du kome med bislet og setja på han, for no er han ikkje farleg lenger», sa farbror. Torgeir kom med bislet og hesten var så roleg at Knut reiste med han til Stavanger marknad og handla han bort der.
I boka mi «Kjempa for Norge» har eg fleire historier om Knut, mellom anna ho om då han slåst med ein hest på Mosby, ein lang og uttrøttande kamp mellom hest og mann til hesten seig saman og froda stod ut av kjeften. Bjørgulv fortalde òg om då farbroren var i tak med kongen, ei historie han fortalde fleire gonger. Då nordmennene skulle hjelpa i krigen i 1880-åra, var 13 000 mann samla på Gråtermoen ved Skien. Om morgonen kom sjølvaste kongen og ropa om det var ein som heitte Knut Bjørgulvson, og om han ville trø fram på linja. «Jo, herr majestet», svara Knut. Kongen baud han på famntak og kasta Knut overende. «Er han ikkje annleis kar enn so den Knut Bjørgulvson», sa kongen. «Eg torde ikkje ta i, for elles sleit eg sund klæda på kongen,» svarte Knut. «Du må gjerne slita sund klæda, svarte kongen. Då dei prøvde att måtte kongen til pers. Kongen likte at han hadde betre kar i hæra enn han var sjølv. Så skulle dei ta ut fire mann, ikkje av dei sterkaste og ikkje av dei kleinaste. Dei skulle lyfta på ein tømmerstokk. Dei lyfta stokken. Etterpå skulle Knut prøve åleine. Han lyfta stokken godt og vel. Men då ville kongen ha Knut med heim til Stockholm. Det var mange sterke karar frå Telemark og andre bygdelag, men berre ein som våga seg i famntak med Knut farbror, fortalde Bjørgulv.

«Ein gong reiste Knut og bror hans Tarjei, over heia til Sirdal. Komne inn i eit hus la dei seg til å kvila i stovesenga. Då tok Knut Tarjei i bringa og lyfta han på strak arm under taket i stova og sa: «Nei bror, du er som eit barn mot meg,» og dette gjorde Knut berre for moro og for at folk skulle sjå kor sterk han var. Tarjei var og ein stor og sterk mann, men han hadde ikkje krefter som Knut.»
Tarjei Bjørgulvson var oldefar til kjøpmennene Hans, Aimar og Torbjørn Haugen, som alle no er passert 80 år. Det var faren deira Bjørgulv Haugen som først starta dagligvarebutikk i Søgne, som sønene etter kvart omgjorde til det som no er selde og vorte til dei store Coop-butikkane i Vågsbygd og i Søgne, og som på folkemunne framleis berre heiter «Haugen».
Då oldefar Bjørgulv Myhola var rundt 90 år sette han seg føre å reisa rundt til alle dei i slekta som heitte Bjørgulv. Blant dei var far til Haugen-brørne. Då han var hos Bjørgulv i Søgne og fekk forklart at han dreiv matbutikk var ikkje oldefar fornøgd med svaret. Han lurte framleis på kva han arbeidde med. Det å driva butikk var jo ikkje arbeid.
Setesdalskjempa Knut Bjørgulvson kjøpte seg gard på Føreid ved Lillesand, ein gard som framleis står der med plankar føre vindauga. Ja, huset stod i alle fall sist eg så etter. Forfalle er det. Han gifta seg med ei dame med eit dårleg rykte, ei han trefte i Christiania. I gamle Vesten vart dei ofte kalla «gledespiker», og ein kan tenkja seg det ikkje kan ha vore lett å komme heim til Sørlandet når det ryktet spreidde seg. Ho kasta seg til slutt ut i havet ved Føreid på grunn av folkesnakket. Deira 4 born, tre søstrer og ein son fekk ikkje born. Døtrene drog til Amerika , der dei ligg i same grav på Long Island, på Lutheran Cemetary, med påskrifta «Söstrene Björgufsen». Dei dreiv bruket ei stund etter farens død, men dei makta det ikkje og det enda med konkurs. Sonen drog til sjøs og var ungkar heile livet. Bjørgulf Knutsen Bjørgulvson (1874-1965) var sjømann heile livet. Han døydde i New York 14. Desember 1965. Dermed var det inga etterkommarar igjen etter Setesdalskjempa Knut Bjørgulvson.
Knut døydde av tæring 30. oktober 1895 på Klingsund ved Lillesand. Han vart 64. Eivind Bjørgulvson – den eldste av Bjørgulv Uppstads søner – slo seg ned i Øyestad og fekk familie der. Han var heller ingen smågut. Eivind levde til 11. oktober 1910. Han var då 85 år gammal.
Av og til kom dei samla for å hjelpe faren. Det hende kjempar frå andre bygder kom saman for å ta Bjørgulv, og sjølv for ei berømt setesdalskjempe kunne det bli for mykje. Ein gong klarte dei å riva ut eine auget hans. Dei stakk fingrane og drog det ut. Men når sønene kom til unnsetning, ja då stakk dei. Sjå for deg det heile som i ein westernfilm. Far sjølv, den mest berømte av dem blir omringa og så kjem sønene, Eivind, Knut, Svein og Tarjei. Knut, den mest berømde av dem var 2 meter, som på den tida var ein gigant. Og slåast kunne dei, alle saman.
Bjørgulv fortalde til Håkon Skeie då han var over 90 år om då farbror Tarjei, den yngste av Uppstad-sønnene, vart overfalle av tre fantar. Han gjekk i lag med Jakob Mykland, men så rømte dei. Men etter ei stund møtte dei same fantane på Knut, Tarjei og Jakob. «Knut slo deg mest i hel alle 3 og tok av dei knivane«.
Bjørgulv fortalde at ein dr. Dale fekk den eine kniven etter dei som Knut hadde tatt frå dei.
Og etter dette kom fleire historier om trollmannen:
«ja, det var då godfar (Bjørgulv Uppstad) var gift og ville ha fleire born, så la kona i blot ein heil del klæde og skulle vaske dei om morgonen. Då ho ville vasjke dei var dei sundskorne. så sa godfar det med henne: «No vl eg av til Auver og få han til å gjere etter.» Så gjorde han. Men Auver svora o’ det at «det skal du ikkje, det er ei stor synd, det å gjere etter,» sa han. «Men eg gjera det på ein annan måte.» Så tok han ein kaffikopp og sette på bordet, fyllte i vatn. «Gakk hit og sjå den som har gjort det.» Så såg han ho plent som ho var livs livande, nabokona, som ha gjort det.
Vil du ha noko til om same trollmannen?
Det skal ha kome fem geiter i skorfeste me kaller det, i Åmli. Så kjem Auver, han het Auver denne trollmannen, Så sa eigaren av geitene at: «Kan du take ned dei 5 geitene i live og forutan skade, så skal eg gjeve deg att ei tunne korn.» Auver var fattige. Ja, så veit eg ikkje kor lenge han sat ute i tunet med mannen, så kom geitene røkkjande forbi naboen og beint hit til ‘o. Ingen skade hadde dei, ingen skade. det var trolldomen hans Auver. Du veit dei var redde å erte han. Men så var det ein sm erta han før han reiste på heia. Det var den tid dei reiste kvar mann or huset. Så fekk Auver spørja kva dag han kom heim denne mannen. Eg veit ikkje kba han heitte. Men han måtte gjennom eit gjerde som gjekk med kleivevegen, buvegen, for å koma heim. Der var så steinute. Så gjekk Auver hit og tok i steinane og spytte på dei og trødde på dei og tok opp den eine etter den andre og spytte på dei. Då mannen kom med hesten, så stupa hesten».
Far til Knut, Eivind, Svein og Tarjei og bestefar til Bjørgulv Myhola var altså storkjempa Bjørgulv Uppstad. Han gifta seg med dotter til lensmannen og Eidsvollmannen Olav Tveiten, som først ikkje ville la dottera gifte seg med ei slåsskjempe. Men Bjørgulv drog opp til lensmannen og løfta han oppetter veggen, for han ville ha dottera. – Jau, du lyt visst ha henne, svara han.

På dei eldre dagane deira, då Sigrid og Bjørgulv flytta til Evje, fall dei berømte orda: Her er visst ikkje verande i Evje sokn. Dei bruke lova.
Bjørgulv Myhola hadde eit sterkt namn å slekta på. Då Bjørgulv Uppstad drog for å møte ei berømt kjempe, ropte dei etter han.
-Vend, ropa dei etter han.
-Aussmennan drepe deg, sa dei.
Då svarte Bjørgulv med dei berømte orda:
«Ko agtar eg livet mot a stort namn og rykti».
«Skal ei tru P.M. Søegaard (sonen til futen på Hornnes) er Setesdalen den trakta der den fysiske krafta, på oldtidens vis, blir stilt høiest av alle menneskelege fullkommenheter». Han skriv vidare at gromgutten framfor nokon var Bjørgulv Uppstad.
Kjempene på den tida var å rekna som dagens toppidrettsutøvarar. Folkeminnesamlaren Johannes Skar (1837–1914) kom til Setesdal på jakt etter Draumkvedet, men fann i staden ei bygd rik på tradisjonar, og vart verande i dalen til døden sin.
Svein Hovet (1907-1982) skreiv mykje om dei, og spesielt om Bjørgulv Uppstad og sonen Knut. Ein gong skreiv Svein om at det å vera kjempekar eller frikar var i dei såkalla gamle dagane nokonlunde det same som å vera «Hjallis» eller «Snoddas» i dag. Folket jubla til dei når dei synte styrken sin, og for born og ungdom var dei det store idealet å sjå opp til. Det er som Vinje siger i diktet at «den som slo best så blodet rann, den mannen var landsens største mann». Og det var ikkje nok å vera frikar i heimbygda. Nei, når dei var komne så langt, skulle dei ut til andre bygder og byar. Så snart dei høyrde gjeti ein kjempekar ein eller annan stad, reiste dei straks i veg for å prøven styrken hans. Det gjaldt å vera frikar for såg stort område som mogleg. Det første kjempa lærte sønene sine var å slåst, lærde dei kneip og gode tak som det kunne bli spørsmål om under slagsmål. Og ikkje noko gleda kjempa meir enn å sjå at borna tok seg godt fram og var morska i basketak.
«Kulten i dette rike bygdegalleriet er kjempa Bjørgulv Uppstad,» skreiv han. Seinare skreiv Svein Hovet meir om kjempa. «På Uppstad budde storkjempen Bjørgulv Uppstad, som det har gått mange historier om. Han var ikkje berre ein uvanleg stor og sterkbygd mann, han var òg sers vakker, dertil var han dansemeister, og frikar i gilde og gjestbu».
O.S. Moi, Ein kjend skikkelse i avisspaltene fram til nyare tid sa at inga bygd i Sør-Noreg har hatt så sterke menn som Uppstad-sønnene. Og ingen var så sterke som far sjølv, Bjørgulv.
Johannes Skar skreiv at i Aust-Agder sto ei heil kyrkjeforsamling og berre stira på han. Han sprang over ein hest i lause lufta. I Stavanger gjekk han over torget med ein hest i fanget.
Hovet delte mykje av det Myhola fortalde. På den måten gjekk historiene vidare til stadig fleire. Sidan Svein Hovet var skribent nådde det mange. «Bjørgulv var truleg ei av dei største kjempene i heile landet. Han fór omkring i byar og bygder og prøvde seg med dei største kjempene han kunne finna, og han fekk sjeldan eller aldri juling,» fortalde han.
Då Bjørgulv budde i Brokke kom det ei natt tolv fantar til gards. Om natta var dei på garden hans og stal sølvsaker, og så drog dei vestover over heia til Håhelleren. Bjørgulv forstod fort det var fantane som hadde tatt det. Han ville ha folk med seg på heia, men ingen våga å vera med, då dei alle var redde for fantekniven. Bjørgulv drog då åleine etter fantane. Han spurde om dei hadde tatt noko sølvtøy frå han og ville sjå etter i sekkene deira, men det nekta dei. Då tok han sekkene og trua dei til å komma fram med sølvet. Dei tilstod til slutt alt saman, og han fekk sølvet tilbake. Etterpå baud han dei på slagsmål, men dei våga ikkje, endå dei var 12 mann, og såg skildtes vegane deira i staden.
For å illustrera korleis livet var på den tida i dalen, i tidsalderen til neveretta, kjem endå ei historie om Bjørgulv Uppstad. Myhola var opptatt av at det å slåst var datidas idrettsmenn, og ein kultur som måtte bevarast for ettertida. Bjørgulv Uppstad og grannen hans hadde krangla om ein slåtteteig som dei begge ville eiga. Men då dei hadde krangla om dette ei stund var dei samde om å møtest ein stad på heia til slagsmål, og så skulle makta avgjera kven som skulle vera eigaren, då dei ikkje kunne bli samde på annan måte. Dei fastsette dagen dei skulle møtast på «leikarvollen», men ingen fekk vita om det, for dei ville ikkje ha «publikum». Dei skulle møtast kl. 6 om morgonen. Grannen til Bjørgulv, som heitte Såve, hadde komme ei stund i forvegen og hadde alt fått tid til å skjera seg ein svær svolk av raun (antakeleg ein stokk), som han skulle bruka å slå med. Då Bjørgulv kom, fekk han eit slag av denne svolken, og det trefte under øyret så blodet rann. Men Bjørgulv stupte ikkje av dette slaget, og no vart han i staden sint for alvor. Han tok svolken frå Såve og gav han så kraftig juling at det var såvidt han berga livet. Bjørgulv overtok etter dette slåtteteigen.
Så må det seiast at sjølv om Bjørgulv var den store forteljaren var det fleire av Bjørgulv Uppstads etterkommarar som fortalde. Mellom anna Jørgen Løvås som var etterkommar av eldstesonen Eivind og Hans Haugen som var son av Bjørgulv Uppstads yngste son Tarjei Bjørgulvson, han som Haugen-brørne som dreiv matbutikkar er etterkommarar av. Hans Haugen fortalde i Fædrelandsvennen i oktober 1959 om då farbroren hans Knut Bjørgulvson «kasta kronprins Karl og fekk 10 dalar av han for det». Hans var 85 år då han fortalde denne historia og fetter til Bjørgulv Myhola. Tarjei og Siri enda opp i Evje før dei på dei gamle dagane sine reiste til Canada og er gravlagt på prærien der. Hans og Bjørgulv hadde nok mykje å snakka om når dei fekk sjansen.
Kristiansanderen Syvert Johan Ingebretsen – kjent i si tid – fortalde ein gong om Fredriksholm festning og fleire hendingar der. Det låg ofte fleire orlogsfartøy, og eit av mannskapa var setesdalskjempa Knut Bjørgulvson. Kapteinen ville på død og liv ha eit ryggtak med dølen, som det stod slik blest om for styrken hans. Bjørgulvson hadde lite lyst på dette, underlegga seg sin eigen kaptein og sjef på festninga. Men kapteinen masa på, og til slutt gjekk dei i hop. Dei velta omkring, og kampen vart hissigare og hissigare etter som kapteinen såg ut til å ha overtaket og partnaren vart erta opp. Lenge var utfallet uvisst. Men så plutseleg med eit brøl og eit kast tok Knut motstandaren på strak arm og løfta han høgt i lufta. Du er den gjævaste eg har teke i, sa setesdalskjempa. Dette stod og i Fædrelandsvennen, fortalt av G. G. Moseidjord midt på 60-talet. Historiene lever vidare, sjølv om Bjørgulv Myhola ikkje fortel dei lenger. Både dei om Knut og dei om far hans Bjørgulv Uppstad. Ja, eigentleg om alle Uppstad-sønene.
Tidlegare stortingspresident og statsminister Jørgen Løvlands forteljing frå dyrskuet i 1858 viser at Bjørgulv Uppstad var ein respektert mann. Løvland ramsar opp ein del fintfolk som var til stades og skriv følgjande i eit brev til broren Anders: «Eg minnest det store dyrskuet på Hornnes, der eg såg alle storkarann». Dei blir nemnde med namn og kommentarar, men til slutt legg han til «og so Bjørgulv Uppstad og kona Sigrid. Bjørgulv var då i sin braje og fekk premie for ein fin hannver med sau».
Bjørgulv Myhola fekk i Fædrelandsvennen ofte spørsmål om å fortelja om bestefaren Bjørgulv Uppstad. Dei fleste av dei er nok komne frå munnen til barnebarnet. Eg fekk dei ofte servert som barn då vi ferierte på somrane i Lidi. Det var vel mora mi og bestefaren min som fortalde. Og kanskje fekk eg med meg noko av det oldefar fortalde ned i kjellaren. Ikkje noko matcha fascinasjonen over kjempene. Knut som hadde slått i hel ein mann med eit slag då han var rana, var rett nok ikkje særleg fint.
«Bestefar råka ein gong ut for ein engelsk boksar og sette opp eit vågemål. Då dei skulle prøvast, hadde engelskmannen smurt seg inn med grønsåpe og gjekk med lite klede på seg. Han var ikkje god å få tak. Men bestefar greip han i øyro og lyfta han under taket i romet dei var, og attpå slo han engelskmannen så blodet rann. Då gav boksaren opp. Bestefar fekk 100 daler for det vågemålet. Det var god betaling, men det heile varte ikkje meir enn eit kvarter. Bjørgulv fortel i dette intervjuet også om alle som vil bli fotografert med han. Det har vore folk med dei raraste fotografiapparat man kan tenke seg. I sommar kom ein engelskmann tidleg om morgonen og ville ha bilete av meg. Han heldt apparatet for det eine auget då han knipsa meg, og apparatet hakka som ei kaffikvern. Vi kunne ikkje tala med kvarandre for han kunne bare engelsk. Men så kom han med blyant og papir og laut meg skriva ned namnet mitt. Franske turistar har og fotografert meg og sendt bilete. Mange har vore riktig gode», fortalde den då aldrande Bjørgulv Myhola.
Det kunne høyrast ut som det var mykje engelskmenn i dalen på den tida, for det var mykje engelskmenn som kjempene slåst mot, men engelsk var jo det språket alle utlendingar snakka når dei kom til Noreg. Og for oldefar som ikkje kunne engelsk var det vel sånn at alle då var engelskmenn. Ja, bortsett frå franskmenn som sjølv i den tida vel nekta å snakka engelsk.
Bestefar som var mange år hos fetteren sin i Canada lærte meg å telja på fransk, det var stas det. Journalistane derimot, dei var stort sett norske.

Bjørgulv Myhola brukte mykje av si tid på å fortelja all verda om bestefaren og farbroren. I mai 1934 var det igjen Svein Hovet som får høyra det, og han var ein velkjend skribent som skreiv mykje i avisene, mellom anna om kjempene og spesielt om Bjørgulv Uppstad. Myhola fortalde Svein om korleis kjempa enda opp på Evje. Historia står utførlig i boka mi «Kjempa for Norge». Kort fortald drukna sonen Olav, berre 18 år gammal, og kona Sigrid som var dotter til lensmann og Eidsvollmann Tveiten – orket ikkje lenger bu i Valle. Bjørgulv Eivindsson Uppstad (1789-1866) og kona tok med flyttelasset til Evje der dei fann seg hus øvst på Gautestad.
Det vart sagt han verkt på dei gamle dagane sine, etter alle slåstkampane. Men det lindra på smertene då ein felespillende nabo spelte for han.
Bjørgulv Uppstad døydde i 1866, og vart gravlagt på Evje kyrkjegard. Grava finst ikkje lenger, men oldefar Bjørgulv Myhola fortalde Svein Hovet detaljert om kvar han var gravlagt. Han fortalde den gong at det var planar om ei minnestøtte over bestefaren og han håpet han kom opp snart. Han meinte han var verd eit minnesmerke denne helten frå Neverettens tidsalder. Dessverre skjedde det aldri. Svein Hovets sak i Fædrelandsvennen i mai 1934 vart ein helside, med mange gode historier han hadde fått av Myhola, dei fleste av dei finst i boka.
Jannes Bjørnsen var legendarisk journalist i Fædrelandsvennen. Han var begeistra for oldefar og møtte han titt og stadig til intervju. Då Bjørgulv var 89 år fortalde han om då storoksa stanga bjørnen i hjel i Lisle Hegglandsheia og om ein trollmann frå Valle, og ikkje minst om heidersmannen Lars Liestøl. Begeistringa Jannes hadde for Bjørgulv kom fram tidleg i intervjuet.
«Bjørgulv hører til kjempeslekt. Fornavnet har han etter Bjørgulv Uppstad, den kjente kjempa hvis styrke det har gått frasegn om – og som hadde sånne forskrekkelige digre never. Om kroppen er medfart og føttene ikke er så gode lenger, så rusler da Bjørgulv ennå sine 5 kilometer. Men en ting er det ikke noe i veien med: Hodet.»

Om lensmann, stortingsmann og statsråd Lars Liestøl fortalde Bjørgulv at han var ein gild lensmann og visste ikkje det beste han kunne gjera for folk. Ein gong møtte han på isen over til Åraksbø ein kramkar. Han såg på varene og tok opp fleire av dei: – det er ulovleg, det er ulovleg, det er ulovleg – sa han etter kvart som han fann ting kramkaren ikkje hadde lov til å selja. Så peika han over mot huset sitt på Frøysnes og sa: – Pass deg for det huset, for der bur lensmannen. – Kramkaren ante ikkje at det var sjølvaste lensmannen han hadde talt med. Ja, Liestøl kom høgt på strå, stortingsmann og statsråd, men han var aldri stor sjølv. Og så gavmild!.
Bjørgulv kom til å angre på at han selde farsgarden, så etter mykje om og men fekk han den tilbake ved hjelp av kommunen og jordlova. Eldste sonen Svein budde der nokre år før Svenke overtok. Kvar vår drog Svenke med familien og mange kyr til Myhola. På det meste hadde han 50-70 kyr på beita i Myhola.
Bjørgulv tok namnet sitt etter plassen han eigde og budde på. Det var vanleg på den tida. Men kva veit vi meir om Myhola, heiegården som har vore så viktig for familien i så mange år. Det vart mykje fram og tilbake med direktør Jebsen som kjøpte Høie fabrikker i 1904. Familien Jebsen har laga eit hefte med historia til Ånebjør – og Myhola. Her kan vi – og i panteboka lesa følgjande:
Eigedommen Myhola ligg søraust for Ånebjør og aust for Beinsvann og var opphavleg støyl under Ånebjør, men vart husmannsplass i 1820-åra og matrikulert som eige bruk. Eigedommen er i overkant av 8000 mål. Så tidleg som i 1693 kom det fram i eit tingsvitne at «øydegardane Benesfit, Nystøyl og Myhola» etter ei gammal segn tilhøyrde Hegland, men at Olav Knutson frå Lognavatn utan lov og dom hadde tatt seg til rette. Ein øydegard må nærast kallast som ein støyl. At det så tidleg som i 1693 vart vist til ei gammal segn, indikerer at desse støylene må vera svært gamle. Dei kan godt ha vore eigne gardar i tidlegare tider. I 1822 skreiv Omund Snæreson og Olav Kristenson eit festebrev på «eit stykke Slaatte og Buemark og i det liggande ødegaard kaldes Myholen, til Orm Knudsen Ousem, som han skal behalda upaaanket i levetida si, naar hhan kvart aar staaer sine 3 ugers Arbeide i Slaaten naar det blir forlangt». I festebrevet står at eigedommen gik frå bytte med helleren til «Tranle Broen» (ein stokkebro over bekken frå Myhola ned til beinvatn), derfrå til Myholapaden vidare til Sunndalen og så aust til Skomedalsbyttet. Etter kontrakten skulle Orm setja opp husa sine ved Myhola, men bygningane skulle gå tilbake til garden Ånebjør når Orm og kona døydde. Knut Ormsen Myhola, son til Orm, var fødd i 1805 og fekk kjøpa Myhola i 1837. den 9. oktober det året vart det halde skylddelingsforretning. Grensen var som før, men litt meir utførlig beskrive. Ved folketeljinga i 1865 budde Knut i Myhola med 5 barn. Han hadde då hest, 6 storfe, 14 sauer og 16 geiter, sådde 1 1/8 og sette 2 ½ tynne poteter. Knut døydde i 1868. Skifte vart halde i 1869 og lausøyren vart selt på auksjon. I mellomtida var dyra døde eller selt i løpet av vinteren for å halda liv i barna. Garden var sett på auksjon 31. mai 1869 og høgaste bod hadde Jon Ormson osa, bror til Knut, på 143 spd. Men Jon klarte ikkje å skaffa kausjonistar, og Tor Olavson Austad, som hadde nest høgaste bod på 128 spd, fekk tilbod om å overta garden for 143 spd, noko han aksepterte. Han kjøpte òg det meste av lausøyren på auksjonen. Men gjelda var større enn buet braka, slik at dei uprioriterte fordringene berre fekk delvis dekning.
Om Tor Olavson flytta til Myhola er uvisst, for allereie 2. mars 1870 sette Svein Bjørgulvson namnet sitt på eit pantebrev med pant i Myhola. Svein var som skrive før fødd i 1836 og var gift to gonger, først med Anne Svenkesdotter Austad, fødd 1836, død i 1872, som han hadde fått 3 barn med, mellom dei Bjørgulv, og deretter i 1874 med Annes søster Birgit, som han hadde 7 barn med. Ved folketeljinga i 1875 hadde Svein 2 oksar, 4 kyr, kalv, 8 sauer, 5 geiter og 1 gris. Han sådde då ½ tynne bygg og 3 tynner poteter. Ein branntakst frå 1906 viser at våningshuset var laftebygd med dagligstuem kjøkken og gong i 1. etasje, med rom over som soveværelse og med kjellar til poteter. Låve og fjøsbygningen var òg laftebygd.
I Jebsens hefte om Ånebjør står det heilt riktig at Svein hadde eit uroleg liv før han kom til Myhola, men mykje tyder på at han roa seg betrakteleg då han fekk familie.
I 1857 fekk han 20 dagar på vatn og brød. Denne saka kan og lesast i boka «Kjempa for Noreg». Lensmann Løbdahl fann ein gjeng i skogen som hadde festa ei tynne brennevin på slede. Svein trua lensmannen med juling om han rørte tynna hans. I den oppheita situasjonen reiv Svein to gonger lensmannen overende og tok lensmannen i skuldra og kasta han han sleden. I eit forhøyr fortalde lansmannen at Svein «sjåar stærk ut og er af ein Familie, der i heile Sætersdalen er vedkjent seg for sin Kjæmpestyrke og som Folk er bange for at opirre eller have noget Udenforstaaende med».
I 1859 vart det sak fordi han ikkje møtte til sesjon, og i 1867 skjedde bråka på Dølen – som er nemnt tidligare – og som han fekk 6 månaders straffearbeid for.
Svein døydde i 1903, og i 1905 fekk sonen Bjørgulv skøyta på Myhola frå stemoren Birgit. Også i Jebsens hefte om Ånebjør står det om kor fargerik, sterk og kjent Bjørgulv var. 27. juli 1916 selde han Myhola til Margit Jebsen for kr 7 500 med alle hus og naglefaste innredninger, medrekna sirkelsag med bygning og vassfall. Bjørgulv flytta derfrå i 1917 og sidan har det ikkje væt fastbuande der. Men sonen Svenke budde der fleire somrar med familien og sauer på beita.
Ifølge Jebsen garanterte Bjørgulv at «gaarden Myhola ikkje tages tilbake paa odel». Landbruksdepartementet ville ikkje gi Margit konsesjon på kjøpet av Myhola, og 14. oktober 1917 selde ho bruket, med unntak av fiskeretten i Beinsvann, til Olav og Knut Larsson Arneberg. Men allereie i oktober 1918 vart Margit Jebsen og Olav og Knut Arneberg innstevna for forlikskommisjonen av Bjørgulv Myhola på vegne av sonen Svenke Bjørgulvsen. Stevninga gjaldt odelssøksmål på Myhola. Trass i løftet frå 1916 fann retten at Olav og Knut plikta å gi Svenke skøyte på taksten, kr 5 000. Svenke var i Canada frå 1926 til 1932, så først heime derfrå overtok han formelt Myhola etter odelslova mot betaling av 2 032,50 til Bygland kommune. Og som nemnt, Svenke og familien han etter kvart fekk, brukte staden på sommaren.

I pantebok frå 3. februar 1927 står det om skylddelingen. Ti år seinare, den 9. oktober 1937 kan ein lesa at Retten på Ose i Austad sokn hadde til behandling Myhola igjen. Rettesmenn var Even og Omund Svenssønner Moi, og dessutan Dreng Ose og Grunde Alf Austad, i forfallet hans Even Ose. Då ved forretningen møtte Ole Christensen og Tarje Aanensen Arneberg, som tilkjennegav, at dei hadde selt til Knud Ormsen. Det var den gong. Mange år seinare, 19. april 1968, nokre månader før den over 95 år gamle Bjørgulv Myhola døyr, sel altså Svenke tilbake til familien Jebsen, då representert ved Erik Jebsen. I 1974 overdratt til Peter M. Jebsen. Dei gamle laftebygningene – m.a. eit kvernhus og ei korntørke – var fullstendig forfalle i 1974, og Peters eldste son Tom Erik Jebsen har sidan restaurert bygningane. I 2005 vart eigedommen overdratt til Tom Erik Jebsen.
Storleiken på eigedomen var 8-10 000 dekar (eller godt og vel 8 000 mål). Og kjøpesummen 35 000 kr. Året etter var det selt. I skautet står det at eigedommen blir overtatt med påståande bygningar og utan hefte av kvar og ein art. Eigedommen grensar mot sør til helleren i Åseral, mot aust og nord til Skomedal og Sunndalen, mot nordvest og vest til Ånebjør, der grenseoppgang er gjort. Seinare blei skøyta overdratt til sonen hans Peter Mentz Jebsen.
For Oscar Jebsen var Ånebjør og Myhola ein lidenskap. Han var fødd inn i ein stor Bergensfamilie i 1878. I tillegg til å eiga Høie fabrikkar sat han med fleire styreverv og var fram til 1923 formann i styret i Lumber, den einaste kryssfinerfabrikken i landet. I 1911 hadde han kjøpt hageområdet i Vestre Strandgate 3, der Hotell Caledonien ligg. Same året kjøpte han Dvergsøya. I boka «Aanebjør» fortel Bjarne Bratteteig om livet som forpaktar av garden frå 1949.
Laurdag 27. august 1960 har journalist Jannes Bjørnsen tatt turen til Ånebjør og laga reportasjen «Eventyret Ånebjør», der ein fekk eit innblikk i heiegården Oscar hadde bygd opp gjennom eit heilt liv. Han døyr på Ånebjør to år seinare, den 17. september 1962. Hustrua Margit levde til 1974.
Oldebarnet Nikolai Jebsen hugsar bestefaren fortalde at at den siste rette stekninga må ha vorte laga av to sterke hende, av Bjørgulv, eller han og faren Svein og ein okse. Det var ei bru og ein 3 meter høy mur på det meste, og viser jo kva krefter som var i bruk.
Mora mi var fast bestemd på at eg skulle ta den tilbake på odel då eg var rundt 18 år, men var for sein.

Dei siste åra brukte han to krykker på grunn av slitne kne etter mange tunge lyft. Han las mykje i Bibelen den siste tida han levde. Då låg han ned i kjellaren hos sonen sin på Jordalsbø.
21. august 1968 måtte Jannes Bjørnsen ta fram pennen igjen, denne gongen for siste gong om oldefar. Bjørgulv S. Myhola var død, nær 96 år gammal.
«Det var han som ble kjent for å kjøre med okser som han til og med skodde. Han var på mange måter en original, men det «vanta ikkje noe på vetet», tvert imot. Det merket de som gjennom årene var så heldig å treffe på ham. For han var virkelig noe å møte, så kjapp i begripelsen og replikkene, at en bare måtte gi seg over. Og som han kunne huske! Og for en evne til å fortelle! Det var som en kjente noe av den gamle sagastilen når han la ut om det han hadde vært med på selv – eller hørt av andre. Han forsto å skape en atmosfære man ble grepet av. De siste to årene bodde han hos sønnen Svenke på Lidi i Jordalsbø. «Hev du det?» jeg synes ennå jeg hører stemmen jeg besøkte en marsdag for sju år siden. Han svarte på spørsmål og han fortalte så det var en sann lyst å høre på. Og inni mellom kom dette «hev du det?»
Bjørgulv var ein høgreist mann med veldige krefter. Men så høyrde han òg til kjempeslekt, det vart nemnd heile tida når han var omtalt. Ei historie om seg sjølv fortalde han Jærbladet på sin rundreise for å besøke dei i slekta som heitte Bjørgulv.
Avisa var fascinert av den gamle avbalanserte setesdølen med daledrakt. Han tok seg like gjerne ein blund i stasjonshallen, men då med eitt vakna han, strekte seg og geispa. Flokken av nyfikne voks rundt den gamle kjempa.

Forteljingane han kom med var nok av og til overdrivne, men det følgjer mykje mytar med det òg. Når han fortalde dei så levande og truverdige tenker vi at, nei dei må ha vore nøyaktig sånn som han beskreiv dem, for han fortalde dei med detaljar.
Jærbladet ville vite om han ikkje òg hadde ei historie frå sitt eige liv. Jo då, det hadde han.
Han ville helst snakke om bestefaren og farbroren, men vart av og til spurt om hans eigen styrke, for dei som møtte han så jo han ikkje var nokon smågut.
«Tja, du veit. Eg var ikkje smågut eg heller, i yngre dagar,» fortalde han. Ein gong reiste eg over vidda med ein stor stut. Stuten drog kjerra, men etter ei mils veg vart han trøytt og ville ikkje gå lenger. Så lyfte eg stuten på kjerra og drog han til bygdars. Det var eit tungt lyft det, gut.»
Kunstnaren Olav Bjørgum som døydde nyleg beskreiv Bjørgulv Myhola som den siste av dei gamle. Og derfor finst det så mange intervju etter han. Derfor er det skrive side opp og side ned om denne barske karen frå Bygland som levde heilt opp til vår tid. Han var forut for sin tid og så døden til hesten som trekkdyr, lenge før dei fleste av oss.

«Kjempedalen» treng ei forklaring. I store delar av mitt vaksne liv har eg ønskt eit nytt liv for den tradisjonsrike dalen. No er det tjue år sidan eg saman med dåverande næringssjef Vidar Frøysnes lanserte ideen om å få til eit opplevingssenter basert på den kanskje mest fascinerande historia Setesdal har, nemleg den om kjempene som levde i dalen, og då spesielt den største av dei alle, Bjørgulv Eivindsson Uppstad (1789-1866). Han som på folkemunne vart kalla Setesdalskjempa. Og det var barnebarnet hans, Bjørgulv Myhola, som først såg for seg at vi måtte ta vare på historia om Neverettens tidsalder. Eg ønskte sterkt å ta draumen til oldefar vidare. Er ein investor og har mykje pengar mellom fingrane, då hadde det vore enkelt. Men i tilfellet vårt må ein prøva å få nokon med seg på ideen, enten det er kommune eller privatpersonar.
Næringssjefen og eg arbeidde i eit år med planane, og fekk støtte frå det nasjonale kulturrådet i Oslo, museumsnemnda, ordførar og passerte òg formannskapet i Bygland kommune. Inn til då hadde vi ikkje sett bygdedyret, som eg berre hadde høyrt om. Bygdedyret var eit omgrep oppfunne av lyrikaren Tor Jonsson, som tok sitt eige liv etter å ha slegest mot dyret og mot mobbing i mange år. Ein skulle ikkje skilja seg ut og ein skal ikkje komma utanfrå. Kort fortalt kallast bygdedyret for «den rurale versjonen av jantelova». Eg meiner altså ikkje at bygdedyret er enkeltpersonar, sjølv om det var enkeltpersonar som stoppa ideen for tjue år sidan. I bygdene kan enkeltpersonar få større makt enn på andre stader, det er ikkje unormalt. Opplevingssenteret skulle romma historia om kjempa og kjempene i dalen, og nokon av dei i full storleik i voks.
For å ta kort historia bak det heile»: Få bygdesamfunn – om nokon – har så godt bevart kulturhistorie som Setesdal. Det vera seg folkemusikk, arkitektur, mat eller dialekt. Det er ikkje utan grunn at denne kulturen er kommen på UNESCOs verdsarvliste. I tillegg kan bygde vise til vakker natur.
Kjempene var ikkje berre «valdelege» slåsskjemper, men hadde òg ein slags «lensmannsfunksjon» fordi dei vart sende bod på då det kom ufredelige kjempar til bygda. Lensmannen var ikkje så mykje tilstades, eller våga ikkje, og det var store avstandar. I ei bok om idrett på Agder kjem det fram at kjempene var forløparane til moderne idrett.
Då Rune Andersen, Trond Moi og Margit Dale skulle laga bok om mat og kultur i Setesdal er det eit helsides bilde av Bjørgulv Myhola som utgjer ein av dei første sidene. Det er neppe tilfeldig, forteljaren Bjørgulv var jo ikkje bare barnebarn av kjempa, men personlegdom i dalen. Historia om setesdalskjempa er så spesiell at då folkeminnesamlaren Johannes Skar var innom dalen på jakt etter «Draumkvedet», fann han i staden ein kultur så spennande at han vart verande i dalen til døden sin. Bjørgulv Uppstad var kulten i dette rike bygdegalleriet, slik Skar så det. Bjørgulv Myhola såg det på same måten.

I Setesdal enda historia om opplevingssenteret i år 2001 med at politikarane ikkje ville vera med å «heidra ei slåsskjempe». Ein såg ikkje forbi, og til viktigheita av å ta vare på sjølve kulturen. Det var ei anna tid. Vi som voks opp med desse historiene veit kor fascinert vi var, og kor fascinerande historier om sjørøvarar, kjempar og troll er. Historia om Setesdalskjempa er i tillegg ikkje oppdikta, men levande kulturhistorie.
Den anerkjente skulptøren Aslaug Moi Frøysnes sa seg villig til å laga statuen. Sidan ho er frå Bygland ville det vore ei framifrå moglegheit til å få eit monument av henne i heimbygda. Historiene skulle bli synleggjort, om kjempene, om slektskap, myter og vi ville prøva å finna ut kva som gjorde setesdølane så sterke. Det ville bli årleg spel på museumsområdet på Bygland, gjennoppliving av det gamle Tinget, og «strongman»-kåringa kunne omgjerast til «årets setesdalskjempe». Vi var i kontakt med Evje kommune om å ta i bruk det gamle Hornnes hjelpefengsel, der fleire av kjempene sat på vatn og brød. Vi kunne laga kopi av hytta på Hovsfjellet, der Bjørgulvs hand er rissa inn og laga utstilling med Olav Bjørgums bildegalleri.
Alt dette var berre ein grov skisse av kva vi hadde i tankane. I tillegg ville vi hatt eit utvandrersenter som ein del av det, der setesdølar i Amerika var i fokus.
Blir opplevingssenteret Kjempedalen ein realitet i Bygland finst det lydopptak og film med Bjørgulv som forteljar. Farfaren hans Bjørgulv Uppstad skal stå på sokkel ved hovudvegen, og Myhola sjølv vil fortelja på lydopptak. Draumen til oldefar vil bli oppfylt og historia om Setesdal og Neverettens tidsalder blir tatt vare på.
Bygland er som ei skattekiste. Gaupa i kommunevåpnet fortel at eit av dei vakraste og mest sjeldne dyr i Noreg trivst i Bygland. Men også ørn og annan fugleliv. Bygland har fleire toppturar som kan konkurrera med Prekestolen. Ikkje minst Ørnenapen. Bakom den vakre naturen, stilla og dyrelivet finst historia. Ho er unik. O.S. Moi skreiv i boka si «Bygder og Byar på Agder» dette om Bygland i 1976:
«Bygland er eit av dei store herad i Aust-Agder, det gjeng frå enden av fjordane til sprekken i fjellet sunnanfor Besteland i Hylestad. Bygdi hev greide grenser og verjer seg vyrdeleg mot invasjon frå Åseral og Det tridje Rike. Folkelynnet i Bygland kan ofte vera noko beiskt og hugane harde, men det er eit upplyst og gåverikt folkeferd som skjenner både skattelovi og bergpreika.»
Bjørgulv S. Myhola fortalde historier om menneske som hadde levd for lenge sidan, om fantar og kjempekarar, om bjørnar og om trolldom. Han ville aldri vedkjenna at han sjølv var kjempekar. Det vart kommentert fleire gonger, av journalistar. – Men du Bjørgulv, du hev då vori ein kjempekar. – Nei, eg hev vori ein alminneleg mannfolk med vanleg gode krefter, svara han. Det eg har vore mest kjent for, er køyring med oksar.

Var Bjørgulv Myhola «den siste av dei gamle» slik kunstnaren Olav Bjørgum hevda?
Han var i alle fall ein av dei siste gamle innanfor fleire område. Han var ein av dei siste som snakka den opphavlege setesdalsdialekta, og få stader var meir isolert og fekk verna gamle tradisjonar som Setesdal, det forklarer òg kvifor setesdalskulturen er hamna på UNESCOs verdenarvliste.
Byglandsfjord var ikkje noko før jernbanen kom i 1896. Først det året vart det opna poståpneri på Byglandsfjord. Åraksbø og Langerak fekk i 1898, Lauvdal og Granheim fekk i 1902. Forutan desse var det brevhus i Jordalsbø og på Tveit. Bjørgulv Uppstad flytta til Evje i 1847, og der vart han straks trua med lensmannen om han ville gjera det han var vant til, så det var «ikkje verande» i Evje sokn. Men han vart verande og tilpassa seg.
Den viktigaste årsaka til det særprega livet setesdølane levde var nok likevel at dei tok vare på dei gamle tradisjonane og levemåtane. Professor Olav Bø (1918-1998) stadfesta dette med kjempekrefter som datidas ideal. Dei gamle skikkane der Gudstro og lagnadstro var faste innslag, gav nokså fritt spelerom for eldgamle livsformer. Dette med karstykke kunne ikkje haugianarane gjera noko med, det var for fast inngrodd. No var ikkje Setesdal utan lov og rett, men eit slagsmål var lite å bry lensmannen med. Då var det viktigare med landegrenser og liknande. Dei rekna med at lensmannen ikkje blanda seg i slagsmål, om det ikkje stod om livet.
I dette samfunnet var Bjørgulv Myhola ein av dei siste, òg fordi han var ein av dei som aldri kledde seg med noko anna enn dalebunaden, fordi han nytta kvar og ei moglegheit til å fortelja om tidsalderen til neveretten, fordi han vart ein kjend skikkelse og original som fekk pressa med på laget og såleis fekk fortald om og om igjen heilt opp til vår tid. Og då har eg ikkje ein gong nemnt det han vart mest kjend for, køyring med oksar.
Men ein av dei viktigaste indikatorane var då han som 90-åring besøkte slektningen Bjørgulv Haugen i Søgne, som dreiv matbutikk. Han godtok ikkje det som arbeid, men hobby, for arbeid det var hardt arbeid med hendane. Tena pengar var ikkje definisjonen på å arbeida, og her har vi endå eit viktig moment vi meir enn i noka anna tid bør tenka over.
Om Bjørgulv ikkje skulle få oppfylt draumen om at vi som samfunn tar vare på tidsalderen til neveretten, bør vi kanskje i alle fall ta vare på det Myhola stod for på lik linje med at vi ser opp til og vernar kjente feministar, kulturpersonlegdommar og politikarar.
Han var den Erik Bye aldri fann fram til for å trekka fram i lyset, men han var kanskje den Hans Børli skreiv om utan å vita det. Dei fann aldri fram til kvarandre, sjølv om dei begge var tømmerhoggarar. Til det var avstanden på den tida for lang frå Myhola og Setesdal til skogene ved Eidskog og svenskegrensa.
Børli skreiv det Myhola sa om rikdom:
«Nei, vi eier skogene,
slik barnet eier si mor».
Diktet «Ljåmann» kunne ha vore om oldefar:
Det går en mann
over snauslåtte marker.
Og ljåen skinner
med nakent, blankslitt stål
over lutende skuldrer.
I underlig, makaber uhygge
skjærer en skyggesigd
gjennom visne blommer
lansgs mannens spor i dogga.
Nei – ikke døden, – – –
en sliten slåttekar bare
på vegen hem over markene,
Se, han bøyer seg stølrygget
og kjenner på høyet
med enfoldige hender.
Han tenker på livs berging.
Han tenker på kua
som skal kalve før Mikkelsmess. –