«Depresjonen er ein djevel som tygger på sjela mi metodisk, metodisk. Og når eg forsøker å rive djevelen ut av kroppen min glepper han mellom fingrane mine mens han ler denne hånlatteren sin», skreiv han som ble omtalt som «den svarte humorens mester». Gunnar Lunde var født i Oslo, men drakk seg vel meir eller mindre i hel som 49-åring i Haugesund for tjue år sidan. Livet er ikkje for pyser, seies det.
Om nokre skulle lure, nei, livet er definitivt ikkje for pyser som meg. I går kom det fram nok ein gong at vi sørlendingar ikkje har det så greitt som vi alltid seier vi har det, vi koser oss utanpå og spenner nervane innvendig. For å døyve angsten lukker vi oss inne på toalettet og svelger litt piller før vi går smilande ut igjen med eit lystig «jaaavel, klar for no liv?».
Kommunebarometeret viser at kommunar som Songdalen, Mandal, Vennesla, Kvinesdal og Kristiansand lyser raudt varsko på oversikten over pilleforbruk og depresjonar. Eg trur det må være ti-tolv år sidan vi tok det opp på Protestfestivalen første gong, og sidan har vi stadig vendt tilbake til det tilbakevendande faktum at vi har det pyton uansett kva vi forsøker å innbille oss sjølve.
Men er det ikkje sånn at overfladiskheita er eit godt sted å være, for å beskytte seg sjølve? Å nei du, det var ikkje utan grunn at Reiulf Steen sa på eit arrangement eg arrangerte på starten av tusenårsskiftet at «kunstnere har en finstemthet, som vi andre A4-mennesker ikke har, og vi er heilt avhengig av de for å fortelle oss det vi behøver å vite».
Poenget er at vi trenger djupe melankolikarar som General Forsamling som skriv visene sine på kyrkjegarden for å gi oss trøyst når alt er svart, eller Stein Torleif Bjella som også veit kva det handlar om. Det gjer godt å vite at andre har opplevd det same. Eg opplevde det på 90-tallet, og fant trøyst i Børli og Kristofferson. Eg aner ikkje korleis det ville blitt utan. Man skulle tru kristendommen på Sørlandet redda oss frå depresjonane, men vi trenger andre menneskjer som kan fortelje oss om mørket.
Derfor har vi slåss for å få til Protestfestivalen år etter år. Derfor sa Frank Aarebrot at det var genialt å legge den til Kristiansand der alt er så greitt, og antakeleg ikkje er så greitt likevel. Nei, det er ikkje greitt for vi kan ikkje fortelje at vi ikkje har det greitt. Vi skal ikkje sutre, og vi skal bare be ein bøn oppover så ordnar alt seg.
Det er fryktelig lenge sidan Adam var i paradis, så eg skulle ønskje vi kunne stikke fingeren i jorda å medgi at vi treng hjelp, vi også. Vi treng trøyst vi også. Vi treng å flippe ut vi også, eller som Børli skreiv i «Tilståelse»:
Av og til er eg nødt om
å ta livet mitt med på
en aldri så liten luftetur.
Leier det med meg i en lenke av kingelvev.
lar den pjuskete lille kjøteren
pisse på lyktestolpene
og flekke tenner
mot «pene» mennesker på veiene.
Apoteka gjer det godt på Sørlandet. Dei er ein like inndrivande og sikker bransje på Sørlandet som gravferdsbyråa er på landsbasis. Men man kan lure på kvifor det er sånn når det også er komme frem at truande er meir lykkeleg enn ikkje-truende. Dette er fakta frå forsking, ikkje mine observasjonar. Heilt oppriktig trur eg det skyldas overfladiskhet. Vi gidder ikkje gå ut på kultur heller. Vi sit heller inne og knogar handa til kona vi hater, eller held på med noko i garasjen. Vi er ein egen rase, vi sørlendingar. Livet har lært meg at ein nordlending som seier det han meiner har det betre. Eit brakkvann der vann renner inn, men ikkje ut er daudt, mens eit ferskvann som både har inngang og utgang har liv. Protestfestivalen skal være spinnvill, sjølv om vi ikkje liker det. Vi treng det like fullt. Galskapen er viktigare enn vi trur. Openheit er viktigare enn vi anar.
Ein gong eg skulle forlove meg på austlandet leste eg opp ein slags statement om sørlendingen, som eit varsel til hennar vennar. Mye handla om ordet «javel», som brukast til alt, men les man denne setninga skjønar man alvoret, sjølv om det er ein spøk:
«Flere innflyttere har opplevd å bli invitert til middag i et kristiansandsk hjem etter 30 år i staden. selv om en ikke har tante på Lund eller morfar i Vågsbygd, er det fullt mulig å føre lengre samtaler med kristiansanderen, bare en passer på å si de riktige tingene. Innled gjerne med frasen «jeg synes det er greit her i byen»
Det er ikkje alltid greit her i byen. Overfladiskhet er usunt. La oss være enige om det. Ta deg heller en tur i skauen eller fortell hva som plager deg. Eller rett og slett drit i å ha det så greit.
Ps. Nynorsken skyldes at Word absolutt ville skrive nynorsk. Gav opp å rette og tenkte skitt au. La det være.