Vi må ta betre vare på arven etter dei gamle

Etter fleire dagar på reise heimover frå Finland køyrde vi inn grusvegen dei to mila til Oppistun Børli, der diktaren Hans Børli (1918-1989) vart født og vaks opp. Det var han som viste meg ei meining, når alt såg som svartast ut til tider på 1990-talet.

Diktaren Hans Børlis fødested i Eidskog kommune

Hans Børli-selskapet tar vare på Børlis diktskattar og på fødestaden. Bysta av diktaren står på tunet. Dei gamle bygningane er framleis intakte, bortsett frå våningshuset som brann ned for mange år sidan. Børen sjø danna eit perfekt bilete av staden vi var på, eit bilete som kunne høyrd heime i Nasjonalgalleriet. Og så var der framleis låvesvaler i mønet. Det vart nesten for mykje av det gode. Skigarden var rett nok ròten, men låg framleis på skrå som skigardar skal gjere, men som Børli skreiv om den då han vende tilbake på eldre dagar: «sleper seg gjennom villgraset i skogkanten / lik grådyr med skudd i korsryggen».

I mange år hadde eg ønskt å få sjå denne staden, og no på reisa frå Finland passa det så såre godt. I boka mi «Bjørgulv Myhola. Den siste av dei gamle» skriv eg at det var han Bjørgulv som Børli skreiv om, utan å vite det. Dei fann aldri kvarandre. Begge var tømmerhoggarar, men avstanden på den tida var for lang frå Myhola til skogane i Eidskog ved svenskegrensa.

Eg er ikkje den einaste som vart dregen mot mål som dette. Det har noko å gjere med fridom, natur og det enkle. Eg har alltid elska gamle westernfilmar, og hippietida. Det er noko der. Då covid-19-pandemien kom til verda, vart mykje forandra. Det kan sjå ut som mange har blitt dregne mot ein enklare levemåte. Tida kan vere inne for å leve annleis; eit tema vi skal snakke meir om på Protestfestivalen i år. Då eg for litt sidan skreiv at det fråflytta småbruket etter bestefar i Bygland motviljug blir vurdert lagt ut for sal, fekk eg fleire førespurnader, men dei fleste ville ha ein øydegard endå lengre frå folk. Slik som på Myhola, eller Oppistun.

Statue av Børli på Oppistun, Børli

Børli skreiv om «Ensomheten i menneskehjertenes ubrytelige fellesskap«. Vi treng å kome tilbake til det enkle livet, om ikkje for alltid, så for lengre periodar.

Og det er noko skremmande med tida vi lever i no; med pandemiar, terror og klimaforandringar. Spektakulære vêrskifte med vind, styrtregn, heitebølgjer, tore og byar under vatn. Vi står ved eit vegskilje. I Klassekampen skreiv Erik Reinert om nyliberalismens fall. Kva kjem etterpå?

Dette med fridomen og naturen plasserte dei saman, Bjørgulv og Børli. Børli skreiv om rikdom: «Nei, vi eier skogene, slik barnet eier si mor».  Bjørgulv sa då han fekk vite at namnebror og slektning Bjørgulv Haugen dreiv matbutikk: «Akk o ve, ja då he kje du gjort mykje i livet ditt».

Brørne Tomas og Knut Liestøl var kjende bjørnejegarar. På eit høgt fjell i Skomedal jakta dei òg på hubro. «Eg hadde då med Bjørgulv Myhola. Han var god til å klatra i fjell og frykta ikkje noko. Han sat der oppe mellom himmel og jord og song stev,» fortalde Knut Liestøl seinare. Det var søster til Knut, ho Gyro, som tok eit av dei første og flottaste bilete av Bjørgulv rundt 1903. Han elska å fortelje om kjempene i dalen, om slåstkjempene og om tidsalderen til neveretten. Men han vart aller  mest kjent som oksekøyrar.

Eg sat og lytta til lydopptak med Bjørgulv ein vinterdag i stova mi i Kristiansand. Eg vart heilt oppslukt av forteljingane, og det medan eg sat trygt heime med fyr på peisen. Han var 90 år då ha snakka, men det merkar ein ikkje. Minnet hans var betre enn det mitt er. På veg frå Finland høyrde eg Børli lese eigne dikt, dei finst på Spotify. Han les med slik ein ro at den urolege blir roleg.

Det mest kjende biletet av Bjørgulv med stuten. Her med turistar

Eidskog har Børli, og dei tek vare på mennet om han. Diverre var biblioteket stengt den sundagen vi var der, men statuen utanfor fortalde at vi var på rett stad. Og så kviler han i jorda ved Eidskog kyrkje. På Bygland er det ikkje mykje spor etter Bjørgulv, men gravsteinen finst. Det gjer også den steinen som har versert på folkemunne, den han sjølv la i muren ved Austad gamle kapell, den han meinte skulle vere gravsteinen hans. Eg såg den steinen på 1990-talet, men sidan har visst ingen sett han, trass i iherdige forsøk frå mange.

Det rann ut soger av Bjørgulv, som det rann ut dikt av Børli. Børlis dikt har aldri vore lest meir enn no. På same vis har boka om Bjørgulv runne ut like fort som det har komme nye opplag.

På forsommaren var vi ein liten gjeng som drog til Myhola med noverande eigar Nikolai Jebsen som guide. På innsida av bygningane stod initiala og dikt skrivne inn med blyant og kniv. Heile slekta er nemnd, også mi eiga mor som då var 14 år gammal. Opplevinga på Oppistun vart som blåkopi av Myhola. Eg hadde ikkje lyst å gå derfrå. Det var så mykje som stritta imot.

Vi såg meir på turen frå Finland. På Svullrya stod statuen av Åsta Holth, som ville ha republikken Finnskogen. Mellom Røros og Alvdal stod ein sølvfarga kjempeelg som samlar turistar kvar dag. I Røros stod bergmannen og hustrua hans. I Alvdal trefte vi på Solan og Ludvig. I Umeå stod det ein mann i sentrum, som vi lenge trudde var ein såkalla levande statue.

Neste år er det 150 år sidan Bjørgulv Myhola vart fødd. Eg berre nemnar det. Tida har tatt oss att.  Vi treng meir enn nokon gong å ta vare på arven etter dei gamle.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s