Å gå motstraums

Sjølv var eg nettopp heimkommen frå junaiten. Nokon av dei fredelege statane der trafikken er mindre, skyskraparane få og stilla rår. Wyoming, Nord- og Sør Dakota og Minnesota. Endelause sletter og utsikt så langt auget rekk. Det var frå desse områda bestefaren min kom heim ein dag i 1932 med DS Bergensfjord etter seks år i jobb der og i Canada, der tantane hans hadde utvandra eit par tiår tidlegare. Når han kom heim sto arven hans og venta.

Plassen Myhola ligg søraust for Ånebjør og aust for Beinsvatn og var opphavleg støl under Ånebjør, men vart husmannsplass i 1820-åra og matrikulert som eige bruk. Eigedommen var i overkant av 8000 mål. Så tidleg som i 1693 kom det fram i eit tingsvitne at «øydegardane Benesfit Nystøyl og Myhola» etter ei gammal segn tilhøyrde Hegland, men at Olav Knutson frå Lognavatn utan lov og dom hadde tatt seg til rette. Ein øydegard må nærast kallast som ein støl. At det så tidleg som i 1693 vart vist til ei gammal segn, indikerer at desse støylane må vera svært gamle. Dei kan ha vore eigne gardar i tidlegare tider.

Men Myhola vart ikkje ein god stad å vera før Svein Bjørgulvson fekk han i 1870. Han var kreaturhandlar og kom inn med store drifter til Myhola. Han døydde som Svein Myhola og var tippoldefaren min som eg er oppkalla etter. Svein brukte okse i staden for hest, for han fann ut at oksa var sterkare og billegare. Sonen Bjørgulv gjekk i god skule.

Svein lét kyr og sau dyrka opp utmark til fin grasvoll. I ein stor grind-hage – lét han dei stå nokre netter, både sauer og kyr – dei trådde opp lyng og hard ”finnvoll”, gjødsla og jamna ut. Deretter tok Svein og leigefolka hans jernstaur og hakka, grov opp stein, jamna tuver, og så var det ferdig. Svein tok den store køyrestuten og møkkasleden og køyrde møkka utover, la over mold og så kom graset. Kålgrønt og feitt. Myhola hadde spesielt sterkt høy. «Graset på Ånebjør er holt, men i Myhola er det fast og godt», sa Svenke Bjørgulvsen, soneson til Svein, som ikkje budde der heile året.

Svein døydde i 1903, og i 1905 fekk sonen Bjørgulv skøyte på Myhola frå stemora Birgit.

Bjørgulv Myhola var utgangspunktet for turen, etter at eg gav ut boka «Bjørgulv Myhola. Den siste av dei gamle» i fjor. Han var kjendis, original, oksekøyrar, forteljar – og ikkje minst «den siste av dei gamle». Han var ifølge Hallvard T. Bjørgum «den einaste informanten i manns minne i dag til «Gamalt or Sætesdal». Folkeminnegranskarane sin bibel. Ætta var stor og sterk. Namnefaren var Bjørgulv Uppstad, også kalla «Setesdalskjempa», som han ofte fortalde historier om.

Bjørgulv budde på Myhola fram til 1917 då han flytte til Egså i Åseral, og seinare til Bydal før han enda opp på Skomedal i 1931, der han budde til han døydde i 1968, nær 96 år gammal.

Det var hit til Myhola vi drog, det var tredje gang for meg, men kvar gang har eg ikkje lyst til å reise derifrå og kvar gang er vi der berre nokre timar. Kvifor er det slik? I det livet vi fører i dag søkar fleire tilbake til røtene, til gamle øydegardar som eigentleg er dødegardar for dei som budde der flytta sjeldan derifrå før dei måtte berast vekk. Det er fleire og fleire som søkar mot retreat og pilegrimsvandring. På Obrestad fyr som ligg i kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim er det eit lite «quiet room» der ein kan finne roa, rett ved det store havet. På retreatsenteret Lia gard i Koppang er det lang venteliste for å søke stilla.

Vi var 35 sjeler som drog til Myhola, og det var berre ein dagstur på min eigen bryllaupsdag 14. juli. Men denne gong var ikkje kona med, og ikkje dottera mi, for turen vi gjekk sist som tok drygt to timar freista ikkje til gjentaking. Denne gongen hadde vi ordna oss skyss over Beinsvatn med hjelp av Ruben Bortelid, og sparte med det halve distansen, og ikkje minst mykje skvulping i skoa, sidan det ikkje var på langt nær så mange myrar å forsere.

Denne stølen må sjåast på som eit kulturminne, sjølv om han er privateigd og tilhøyrer brørne Gustav og Nikolai Jebsen. Eigedommen Myhola, kjøpt siste gang av familien Jebsen 19. april 1968 av bestefaren min Svenke Bjørgulvsen for 35 000 kr, då representert ved Erik Jebsen. I 1974 vart området overdratt til Peter M. Jebsen. Dei gamle laftebygningane m.a. eit kvernhus og ei korntørke – var fullstendig forfalle i 1974, og Peters eldste son Tom Erik Jebsen har sidan restaurert bygninga. I 2005 vart eigedommen overdratt til Tom Erik og i fjor vart eigedommen overdratt til hans to søner Nikolai (f.1984) og Gustav (f.1987).

Turen på bryllaupsdagen min vart til etter initiativ frå tyske Bea Reuter.

Bea var ei av dei mange tyskarane som søkar mot den norske naturen og stilla. Ho kom hit på folkehøgskule for tjue år sidan og kom kjapt tilbake for å bli verande. Eg spurde henne om det. Det var både fordeler og ulemper. Her var stille og ro, men det låg utanfor allfarveg. Eg tolka det til at det var få kjærastemne her oppe, men stilla vog tyngst.

Med på turen var forutan sonen min og eg fleire hyttefolk i Bortelid, ein dansk familie og andre som var nysgjerrige på historia til den avsidesliggande plassen der folk faktisk budde heile året fram til 1917, sjølv om ein skulle tru det var ein stad der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu. Bygningsmassen og naturområdet ber preg av levd liv meir enn hundre år etter.

Det er eit historisk sus over Myhola, med bygningane som framleis står, med inskripsjonar og initialar i veggene over dei som var der og dei som budde der. M.a. har Ole Tarjeison Kvinen skrive namnet sitt i 1898. Han var son av den kjende Sirdalskjempa Tarjei Kvinen som var nær ven av far og son Myhola. Kjem ein ovanfrå er det utruleg nok ein gammal køyreveg dei siste hundre meterane, bygd opp  av store steinar og heller. Ein kan forstå og sjå kva krefter som har vore i sving. Svein og sonen Bjørgulv hadde båe kjempekrefter, og så brukte dei okse som trekkdyr.

Området ber tydeleg preg av at det har vore dyrka mark, og for oss som har høyrt historiene Bjørgulv fortalde frå vi var ein neve stor kan vi nærast høyre suset frå stemmer og liv frå den gong, og ikkje minst kampar mellom bjørn og stut, mellom menneskekjemper og hardt arbeid, frå den gang mykje av arbeidet og folkelivet føregjekk på fjellet mellom Åseral, Sirdal og Setesdal.

Ein gong brann husa i Myhola, og det skulle byggjast nye. Bjørgulv fortalde:

«Med dei køyrde timber, var det ein stokk som var 24 fot lang og mykje yver ein famn rundt roti. 2 hestar og 4 karar kunde berre så vidt rykkja han fram stig for stig; det var motbakke. So henta dei den store kvite stuten og setja han fyre stokken. Og han rugga til med stokken åleine opp bakken og radt heim i tunet, måtte aldri stogga ein einaste gong og kvila.»

Bjørgulv fortalde avisa Fædrelandsvennen på slutten av 1800-talet om då han var 14 år og for første gong skulle ta seg over heia til Skomedal etter kløv. – Eg kom til Skomedal på kvelden og overnatta der, men andre dagen då eg skulle over heia att var det slikt eit stygt snøvêr at ingen ville vel vågd å gå over heia, men det vart til at eg reiste likevel. Far min hadde vore redd for at eg ikkje kunne koma fram over heia, og han drog for å møta meg halvvegs på høgfjellet. Men då han ikkje kunne sjå eller høyre meg nokon stad rekna han med eg hadde lagt meg til på Skomedal. Men då eg kom på høgheia, var det så mørkt og tjukt vêr at eg trudde eg ikkje ville finne fram, og var òg trøytt etter å ha brøytt meg fram heile dagen i uvêret. Snøen gjekk no til knes. Eg tok kløva av oksen og batt han i den eine kløvmeisa. Så tok eg kløvhøy og la det på snøen, og det var senga eg hadde den natta. Men eg sov i fleire timar. Då eg vakna var tøyet på kroppen stivt og klaka av frost. Eg var berre litt forkjøla etter denne turen, fortalde han.

Bjørgulv fortalde i eit anna intervju at han at det har vore mykje jakt i Myhola, og det var vel jaktterreng Jebsen tenkte på då han ville kjøpe eigedommen. Tannlegane Kjennerud, Birkenes og Torkildsen og Òg Sverre Drangsholt budde mykje der og jakta. Dei kunne skyta 30-40 ryper om dagen.

Det er ein heilt eigen atmosfære og sitje der oppe på Myhola. Det var nok det Oscar Jebsen så då han fall for staden. Han var bedriftseigar i Kristiansand, men opphavleg frå Bergen. 27. juli 1916 selde Bjørgulv Myhola til Jebsen med alle hus og naglefesta innreiingar. Bjørgulv har sjølv fortald at han flytta derifrå i 1917 og sidan har det ikkje vore fastbuande der. Men hans soneson – bestefaren min -kravde det tilbake på odel og fekk det då han kom heim frå Amerika. Under krigsåra når dei bomba Hornnes flytta familien opp der og levde fredeleg der under krigsåra. Det kom stadig folk på besøk til Myhola i krigsåra, for å kjøpe smør m.a. dei hadde hest, mykje kyr og klarte seg bra.

Det er kanskje eit slags svar i dette. Etter pandemien, der vi måtte halde avstand og medan krigen framleis pågår i Ukraina og når prisane har stige på straum og mat, er det vorte meir uviss framtid i byane. Øyde plassar blir ikkje bomba, men det er mykje mat som kan dyrkast på slike stader.

På Myhola byrja det med Bjørgulvs far Svein. Det var han som fekk det til der oppe, og etter å ha lagt bak seg år på kant med lova og med kjempekreftene i stadig bruk i slåstkampar, gifta han seg og flytta til Myhola der han vart ein halden mann, som til og med figurerte på formuestoppen i avisene rundt 1900. Bjørgulv fortalde ein gong om faren Svein: Han tok til å kjøpa i Sirdal, så drog han til Jæren, nordover over heile Jæren og heilt til Hjelmeland. 500 sauer var det vanlege, men eit år kjøpte han for kr 12 000,- i alt, 750 dyr og 50 naut. Då tente han kr 3000,- og hadde aldri hatt så god forteneste.

Då Svein Myhola låg på det siste i Myhola, fekk han besøk av ein kristen. – No Svein, no skal du snart døy, har du overgitt deg til Gud? – Eg putla og ber, putla og ber det beste eg kan, svarte Svein. Ja ja, meinte den kristne, stort meir kan ingen gjera. Svein hadde eit fredeleg drag over ansiktet då han somna inn, så han vart nok bønnhøyrd, trudde Gunhild Kvinen, som fortalde dette.

Viss vi no går ut av historia og inn igjen til turen 14. juli 2022 var turen mykje kortare når vi kom oss over vatnet. Det er knapt med sti oppover og knapt med mobildekning så ein bør vite kvar ein går. Sist vi gjekk den lengre vegen var ein del av følgjet på ville vegar. Heldigvis dukka dei opp igjen etterkvart. Denne gangen fann vi vegen og kunne sitje å nyte utsikta der opp, medan eg freista så godt eg kunne å fortelje historia til plassen.

Det som er ubegripeleg er at det ikkje blir laga ein hengebru over, for der vi starta turen var det fleire som berre hoppa over til den andre sida. Det skal ikkje store hengebrua til før mange fleire kan gå den turen vi tok denne gangen.

Myhola ligg 686 m.o.h. Meir fredeleg enn der oppe, og meir nostalgi over korleis dei levde før i tida skal ein leite lenge etter.

Eg har alltid elska westernfilmar, for det er noko med livet på prærien, med fridomen, naturen og det enkle, men uryddige, det sit som fluger på flugepapir. Forfattaren Hans E. Kinck budde i Setesdal til han var 11 år, og han stortreivst. Då han flytta mista han noko på vegen, som han beskreiv som å gå frå ei verd med segn og overtru til pur rasjonalisme.

For å gjere Martin Luther Kings tale til min. Eg har ein draum eg har hatt i mange år om å ligge der oppe på Myhola, suge inn historia og menneska som har levd der oppe og vakne opp der neste morgon, når det er sommar, fargerike blomstrar, fuglekvitter og stille. Berre stillheit. Der kan fantasien få utløp, uroa slå seg til ro, og draumane kan bli endelause. Sjølv når ein nærmar seg alderen til 60 år får eg ei kjensle av ungdom og æve av berre tanken. Det er jo ikkje så vanskeleg, det er berre å dra dit, ta med ein sovepose og så er draumen vorte verkeleg. Eg ville gjere som mange firbeinte, når tida er inne, berre forsvinne og aldri bli funnen. Det siste ein ser er himmelen over, dit Bjørgulv var så sikker på å komme at han ikkje ville gravlegge kona si i Åseral, for ho skulle ikkje vakne opp att med åsdølar.

35 sjeler fekk ein liten forsmak, i passe temperatur, litt vind og sol når vi var der oppe. Etter ei lita stund der oppe ville nokon i følgjet tilbake til sivilisasjonen, men i meg og nokre andre var det noko som stritta imot.

Eg vil ikkje. Eg vil ikkje. Men eg vart tvungen.

På veg heim vart vi som var i same bilen invitert heim til hytta der Bea budde. Ho hadde besøk av ei venninne frå austlandet som hadde sagt opp jobben som lærar. Det var på sett og vis i protest mot dagens krav og samfunnsutviklinga. Det at ein heile tida må utvikle seg. Heile tida lære noko nytt.  Og heng du ikkje med, fell du utanfor. Ho var opptatt av klima, av miljø og av det enkle. Både turen og etterbesøket passa som hand i hanske. Her sat vi i hytta til Bea, eg og min son på 17 år, dei to kvinnene og ein friluftsfotograf som protesterer mot mykje. Verken han eller Bea er på internett, og har så vidt mobiltelefon til nødvendig behov.

Eg vil tilbake til Minnesota og Myhola. Bestefaren min budde begge stader, og tok med seg ein bit av junaiten heim i Amerikakofferten, som no står rusten i stova mi.

Eg fekk lyst til å samle desse menneska, og nokon til, rett før ein ny Protestfestival i september, for å lage den store samtalen, om kvar vegen går vidare, frå no av og i notida.

Dei vil leve i naturen, i skogen og på fjellet, og leve enkelt. Det var jo slik vi var opphavleg, før mennesket byrja å byggja byar.

På eit tidspunkt i året snur sola. No er sommaren snart slutt, og hausten kjem. Det må vere sånn, for det meste snur til slutt. No ser det ut til at nyliberalismen er i ferd med å ebbe ut òg. Det tok si tid, men utvikling vil på eit tidspunkt alltid nå eit punkt der ein har fått nok. Det er kanskje dit vi er komne no?

Då søker vi tilbake til det opphavlege, ikkje minst for å finne ro.

Henry D. Thoreau (1817-1862) sa ein gang at eg trur ikkje eg kan bevare helse og livsmot med mindre eg held minst til fire timar kvar dag, og ofte meir enn det, med å streife gjennom skogane og over høgdene og markene, fullstendig fri for alle verdslege gjeremål.

Kven av oss kan gjere det i dag? Knapt nokon. Det var vel det samtalen hos Bea eigentleg handla om. Verken vi rundt bordet, eller Bjørgulv, høyrde til majoriteten. Den finske diktaren Eeva Kilpi beskreiv det å være motstraums godt: Kvifor i allverden står eg bak demokratiet, styremåten til majoriteten, når eg sjølv under alle omstende vil høyre til minoriteten: dei underlege.

2 kommentarer om “Å gå motstraums

  1. Tusen takk for at du har fortalt denne historien om Myhola.Heilt ukjent for meg,men for ei historie.Skulle gjerne vært med på denne turen.Vandrer mye i Setesdalsheiene i mange mange år.Igjen takk😊👍🌺

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s