Bygland blues – et farvel

Kårmann og fritenkjar Arne Sandnes, frå Valldal, ein stad langt unna Bygland, hadde i slutten av mars ein kronikk i Klassekampen om korleis forhindre bygdedøden. Gi hobbybonden eit småbruk, meinte han. Dette blir tema på Protestfestivalen sin prolog i Bygland i slutten av august.  

Men alle kan ikkje flytte til bygda og alle gardane er ikkje tilpassa gamle folk om vinteren. Samstundes skal ein aldri undervurdere kjærleiken, anten det gjeld til eit anna menneske, til ein guddom, eller til ei bygd, med eller utan røter til staden. Eg har kjent på den isnande kjensla at ein ikkje tilhøyrer bygda, fordi ein ikkje er bufast. Den største risikofaktoren for fråflytting er at ein ikkje er ønskt. Tilhøyrsel gir sterke band, og om banda blir i hevd haldne kan redninga liggje i neste generasjon.

Dette er kjærleikserklæringa mi til Bygland, og til røtene. I diktantologien «Låvesvalens svanesang» som eg stod bak, for snart 25 år sidan, samla eg dikt om det å høyre til, sjølv om ein også tilhøyrar ein annan stad. Dette er slik det kjennes når ein er tvinga til å ta farvel med bygda eg elskar framfor alle bygder i dette vidstrekte landet.

Kva skjedde, og kvifor?

Utover dei lystige dagane på 1970-talet var vi her kvar sommar, stod på kjerra og stampa gras som bestefar lempa opp i med høygaffelen. Det var alltid varmt og alltid sommar, det var slik eg hugsar det. Og ingen døydde, det er slik eg hugsar det. Når vi fekk fri tusla eg iblant ned til bygda for å skrive ned bilnummer, og framleis heng det att på den måten at eg veit kor bilane er frå. I bland kjøpte eg med ein pose Ostepop for å kose meg med om kveldane, den gang det var lys i alle husa. Birgit Solli heldt til i Solli, og nede ved vegen budde Birgit Gråneholtet, det var det vi trudde ho heit. Over oss i skogen budde Eivind Kvåle som var kompis med bestefar, og det var merkbart når han hadde vore der oppe, for han var litt stivare til beins når han kom heim att.

Men så kom den dagen då dei måtte flytte til byen om vinteren, og då gjekk det fort nedover, så fort at dei vart borte same året, han i februar og ho i september, trass aldersskilnad på seksten år. Du kan ta gubben bort frå bygda, men du kan ikkje ta bygda bort frå gubben.

Og det var etter det låvesvalene forsvann. Det kan ha vore mange år etterpå, men som eg hugsar det i dag forsvann dei med bestefar. Og så forsvann alle folka som pleidde å komme på besøk, og all slekt og alt liv, slik eg hugsa det.

Meir enn førti år seinare står framleis det siste høyet etter bestefar i låven. Eg har fått vere der oppe att dei siste fem åra, til og med åleine. Det skjer noko med kroppen når man passerer Byglandsfjord, og fjorden breier seg ut som den romsligheta Erik Bye bar på i si tid. Det skjer noko med sjela når ein passerer kyrkja og svingar inn mot det vesle bygdesentrumet der handelslaget i si tid stod, og bøyer av inn mot Jordalsbø. Og det skjer noko med hjartet, når eg kranglar bilen opp den vêrbitne bakken opp mot Lidi, for så å svinge inn på det fråflytta tunet. Låven står enno, og raudmålinga finst framleis, om noko blass med åra. Den må no vere minst hundre år den låven han hadde hesten i, og der han treivst så godt. Når eg er der oppe sit eg gjerne på låvetrappa, med kakao og noko å bite i, og merka etter at vi hadde bål på trappa under Ose Countryfestival for fleire tiår sidan er det enno spor av. Fuglane syng på våren og skaper ein melodi som om ikkje han er synkronisert er den tusen gonger betre enn alt det som er på favorittmappene mine på Spotify. Det er berre her på garden eg har luktesans, og bare her angsten slepper taket. Hadde eg vågd ville eg budd her så lenge eg kunne, men det å komme opp her så mykje som mogleg er vakkert det òg..

Eg veit ikkje om ein einaste stad på jord eg får sånn fred som akkurat på den staden, og veit ikkje om ein annan stad der minne og liv vibrerer som om livet er evigvarande. Her er «der tida flyt og døden ikkje er», som Eva Stokkan skreiv om i eit dikt om sin stad nordpå.

Eit farvel har lege i lufta lenge. Ein merker det på dei fråverande låvesvalene, på trea som har snike seg nærare huset med eternitplater, på det å arve ein sånn stad saman med andre. På eit tidspunkt forstår ein at det er ikkje sant det dei seier, at pengar ikkje betyr noko.

Kva skal eg finne på når garden er selt? Eg har laga meg bilete av at eg vandrar rundt på vegane i bygda, og set meg ned på ein benk ved kyrkjegarden for å ete nista. Kanskje går eg innom Haugå landhandel og kjøper meg noko frå bryggjeriet her opp for ta med heim til byen. Eller eg set meg ned og tel teslaene som er på veg opp til Hovden når helga byrjar. Det er då eg kjem på at eg byrjar å likna han Bjørgulv, oldefar min, som ligg på kyrkjegarden, og som eg har skrive bok om.

Eg fylte nyleg 60 år og har forstått at no er alderdommen på gang for alvor, sjølv om hypokonderen i meg hyler som ein ulv ute på prærien i Minnesota, der eg var i fjor sommar og der Sigrid slo seg ned, ho som var tante til bestefar. Alt strittar imot. Eg har aldri ville gi slipp på dette paradiset så lite som no, men så er jo ikkje alltid livet lagt opp etter ønske og behov, og det er jo som sjølve livet: Vi vart fødde mot vår vilje og vi veit ikkje kvar vi skal. Men eg veit at eg elskar Bygland, sjølv om eg er bygut, at mykje av livet mitt har handla om Bygland, sjølv om eg knapt har hatt tilgang til garden i dei seinare år. Alt har si tid, seier Predikeren, men det å miste dette kan i alle fall forkorte min, tenkjer eg i det stille sinnet mitt. Og eg veit at om nokre år når ungane har kome opp i åra, vil dei sakne denne staden som eit samlingspunkt, for slik er livet. Det handlar om røter, om å høyre til ein stad, det er alt vi har.

Diktaren frå Bykle, Olav Mosdøl, no busett på Kviteseid, skreiv i det vakre diktet «Røter»:

«Rotfeste
treng
eit menneske
for å bere
bører i motvind».

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s