Joledagsoppleving

Det var i nynorskland, i Bjørgulvs stad. Det skjedde i dei dagar då morfars far levde og vandra rundt i fjella med okse og kjerre, og han var busett i det som heitte Bydalen, høgt til fjells over kyrkjebygda.  

Dottera Anne som var fødd i 1901, studerte sjukepleie i Oslo. Ho fekk tuberkulose medan ho hjelpte andre, og døydde i Oslo 16. april 1926. Bjørgulv fekk bod om at ho var dødssjuk og bestemde seg for å dra over fjellet.  Då tok han skreppa og gav seg i veg over heiane til Oslo. Han brukte fem dagar på turen, og nådde fram i tide.

Berre veker etter døydde Bjørgulvs kone Birgit, formelt av slag, men mest på grunn av sorg. Ho vart berre 58 år då ho døydde 15. oktober, og døydde i Bydalen, der han helst ikkje ville vere. Han sakna Setesdal, og tok kista på sleden og køyrde med stuten over fjellet. Han trefte kjente som ikkje kunne skjøna at han drog henne så langt når ho kunne gravleggjast i Åseral. «Ho skal ikkje stå opp att med åsdølar», var svaret han gav. Eg trudde fjellfolket var heidningar, derfor har svaret sete fast i meg.

Den svenske forfattaren Ylva Eggehorn, som i fjor mista ei dotter, skreiv i sitt essay «Det ensamma människans tidsålder» at «Det skulle drøje nesten hundre år før vi innsåg kva det moderne, sekulariserte, urbane prosjektet har fråteke oss: Gud og skogen». Gud og skogen høyrer på ein måte saman. Vi skal tilbake. Til skogen. Til Gud.

1. joledag sat eg saman med den finske kona mi og fekk høgre ein tale slik ein prest skal tale, det var i Åseral kyrkje. Og presten snakka om at ord er så mykje meir enn berre ei samling bokstavar. Ja, noko heilt anna. I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Det var frå Johannesprologen. I skapingas morgon kan vi lese at gud forma mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning. Slik formidla han det frå Guds Ord, presten. Han snakka om den evige Gud, som også har skapt tida. Og denne presten talte om å ta val, og om å ta imot tru. Og det var det som stod skrive i Bjørgulvs hjarte når han på naturleg vis beskriv trua si.

Og om talen var fin vart det nesten for mykje då  den store sopranen til bygda, buset i Berlin, var heime på joleferie og song for oss. På veg ut av kyrkja song ho  «O Helga Natt», så taket løfta seg og tårene spratt ut av auga og der og då forstod eg ikkje heilt kvifôr oldemor ikkje fekk kvile utanfor akkurat denne kyrkja.

Birgit og Bjørgulv Myhola med Eivind på fanget.

Og takk til Gud!

Sist helg var media dynka i Jon Fosse, der m.a. bøkene til vestlendingen og nynorskforfattaren vart lesen på nynorsk ord for ord, i ein maraton, alle bøker. Prisen er på ein måte også ein heider til nynorsk. Derfor skriv eg også dette på nynorsk i tråd med Jon Fosse.

Ikkje så rart sidan denne stillfarne og også bevinga forfattar er den første norske forfattaren på 95 år som har fått Nobels litteraturpris. Men meir interessant var det at i den lange opningstalen var det fire stutte ord som stal all merksemd. «Og takk til Gud» skulle ein tru var ein heilt normal ting å seie, slik det er i USA, landet vi har adoptert det meste av kulturen vi dyrkar frå, men det er det altså ikkje. I Norden tek ein ikkje Gud og Jesus i bruk lenger, knapt heller i presteskapet. Det er snart tid for nyttårstalar, der den siste norske kongen som nemnde Gud var Kong Olav, og der den danske dronninga og den finske presidenten er dei einaste i Norden i dag som ber om Guds velsigning.

I dei seinare åra har dei nordiske land vorte skulda for å vere verdas mest sekulariserte land. Sekularisering finn stad når religion mistar innverknad over enkeltmenneske, kultur eller eit heilt samfunn. Slår ein opp på kunstig intelligens får ein vite at Sverige, Noreg og Danmark er verdens mest sekulariserte land, men det visste vi jo allereie. Stadig færre menneske i det kalde nord, trur på Gud. Kor mange nordmenn som seier dei trur på Gud har falle ned frå 53 prosent i 1985 til 30 prosent i 2020. Kristne må i dag reknast som ein minoritet i Noreg, Sverige og Danmark. Litt gudelegare er Finland der flest i Norden er overtydde om Guds eksistens.

For nokre år sidan uttalte direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, at «Protestfestivalen er en av de første arenaene som oppdaget revitaliseringen og tilbakekomsten av religion i offentligheten». Det stemmer nok, og gir meg grunn til å reflektere over talen Jon Fosse heldt i Stockholm og der han avslutta med «Og takk til Gud». Heile tida møter eg menneske som er kritiske til Protestfestivalen «fordi den berre handlar om religion og kristendom», men det eg svarer dei er som sant er at berre ein av sju dagar handlar om kristendom. At eg som person har stått fram som truande, blant anna i Plussord-intervju med Egil Svartdahl, set også merkelappar på Protestfestivalen som kristen.  Gud tek plass, uavhengig av samanheng.

Det gir meg også eit svar på kvifor desse fire små orda til Jon Fosse stel heile talen. Man leitar etter unnskyldningar, når Gud blir nemnt. Aversjonen vår mot Gud gir tvila i meg ei større tru. I Klassekampens spesialutgåve om Fosse før utdelinga, blir det opna med overskrifta «Jon Fosse takket Gud. Det finns mye å takke for her på jorda også». Det er høgst menneskeleg, men er det ikkje også ei stadfesting på dette samfunnet der vi menneske er Gud, det ser ein m.a. på diskusjonen om talet på kjønn der vi virker villfarne. Det er noko uforløyst med forholdet vårt til Gud i dag, og derfor reagerer dei fleste når nokon nemner namnet. Det kan ha årsak i at alle skal døy.

Gud er for stor for oss menneske, og det blir merka, sjølv blant dei som ikkje trur.

Dan Korn er svensk rabbinar og forfattar som har skrive boka «Som om Gud fanns» der han prøver å fortelje oss at sjølv om vi ikkje trur på Gud, lever vi som om Gud finst. Tittelen på boka er tilfeldigvis ein direkte motsats til ein annan svenske, den kristne sjelesørgjaren og forfattar Magnus Malm som kalla boka si «Som om Gud inte finns». Forskjellen er at Malm vender seg mot sløve kristne, medan Korn vender seg til det sekulære samfunnet. I begge bøkene blir eit samfunn beskrive der Gud finst i Norden.

Nobels litteraturpris blir delt ut frå Stockholm til ein nordmann som takkar Gud. Hjelpe meg, det er ikkje så underleg at det blir oppstandelse. Fosse sjølv seier i eit av dikta sine at «utan døden ville Gud vere død», men døden finst og då kan vi ikkje berre stryke bort Gud med eit pennestrøk, slik vi gjer i alskens lover og reglar i desse dagar. Korn skriv i boka si at ateisten Friedrich Nietzsche var ein av dei tydelegaste på at det sekulære samfunnet kviler på ein kristen grunn, at kristendommen har skapt det sekulære samfunnet, at sekularismen er innebygd i kristendommen. Korn siterer Nietzsche på at den europeiske trua ser ut til å minke, men «det religiøse instinktet» blir forsterka. Den finlandssvenske forfattar og litteraturforskar Merete Mazzarella har nyleg gitt ut «Nånting på andra sidan» der ho prøver å nærme seg Gud. Ho ber, leser og går på møte.  Ho er langt frå den einaste. Den anerkjende danske psykolog og forfattar Svend Brinkmann skreiv «Mitt år med Gud», ei bok Mazzarella elles hudflettar fordi han berre gjer eit halvhjarta forsøk og trur ikkje på å berre lese seg til tru.  I ein dansk bokserie på forlaget Eksistensen er en rekkje danske kjendisar invitert til å skrive om tru under overskrifta «Kristendommen ifølge …»

Ein av forfattarane i sistnemnde serie, er radiokjendisen Esben Kjær som i boka si skriv om tapet av son sin. Han skriv at håpet om å sjå son sin igjen, er drivkrafta bak trua hans.  Det er vel ei årsak til at også sekulære menneske blir drivne mot Gud.

Alt dette er med på å drive vidare at Nietszche hadde eit dobbelt bodskap då han hevda at «Gud er død». Eg har berre lese dikta til Jon Fosse, og i et av dem skriv han noko som gir meining:

 «Alt seier at Gud er. Ingenting seier at Gud finst. Kvifor skal Gud finnast? Gud som er?
Å finnast er å vere borte frå Gud for at Gud skal kunne vere og dermed for at alt skal kunne vere».

Arbeidslinja – Arbeiderpartiets forbannelse

Den beinharde arbeidslinja som praktiseres i dag, er basert på at det skal lønne seg å jobbe. Derfor må økonomiske bidrag til dem som ikke jobber, holdes nede. Dens rigide tjener NAV har som målsetting at alle skal jobbe. Den jobben man kan få, skal tas, uansett hva den består av og hvor den kan utøves. Et slikt utgangspunkt gjør at flere må falle utenfor. Vi er nemlig alle forskjellige individer med forskjellig syn på det livet vi mot vår vilje har fått utdelt. Det handler ikke bare om vilje, men om evner, gener, psykisk og fysisk helse og hvordan vi ellers er skrudd sammen.

Arbeiderpartiet har ofte vært tema på Protestfestivalen. Her fra en debatt om et parti lenger til venstre

Reiulf Steen, som er tilbake i søkelyset som sentral person i TV-serien «Makta», var nestleder i Arbeiderpartiet over lang tid, men også en som hadde utfordringer med egen psykisk helse. Han kom fra arbeiderklassen, men var ingen forkjemper for arbeidslinja slik Jonas Gahr Støre definerer den. I 2007 slaktet han grådighetskulturen. Han mente Høyre og Erna Solbergs krav om arbeidsplikt burde utløse et tydelig skille mellom Høyre og Arbeiderpartiet. «Det verste er at det gjeninnfører ydmykelsen, det at bare de veldig trengende skal få støtte», sa han opprørt. Man kan undres over hva han ville sagt i dag.

Steen ville se og inkludere alle. Han gikk i bresjen for at kunstnere skulle få bedre levekår. Han sa at «kunstnere har en fornemmelsesfinhet vi andre ikke har, men som vi er helt avhengig av å få vite om». Han så en sårbarhet i dem som han selv kjente seg igjen i. I dette ligger det mye visdom og nødvendighet som arbeidslinja ikke kan fange opp. Tilsvarende gjelder for flere grupper i samfunnet, som ikke passer inn i arbeidslinja.

Jeg vil påstå at Steen er den beste statsministeren Arbeiderpartiet aldri fikk. I stedet kom Odvar Nordli, som er sentral i samme TV-serie. Jeg mener han er siste arbeiderparti-statsminister som har satt seg inn i situasjonen til de svakeste, deriblant de som er uten jobb og de med lav inntekt. I motsetning til NAV, som krever at du tar den jobben du kan få, sa Nordli at alle skal ha mulighet til å skaffe seg meningsfylt arbeid på hel- eller deltid i nærheten av der de bor. I 2001 sa han at «noen tror de fattige er rusmisbrukerne de treffer på gaten. Men de fleste sitter hjemme og skjemmes over seg selv. Vi politikere må skjemmes fordi vi ikke klarer å få gjort noe med dette».

Arbeidslinja i den betydningen at alle voksne skal i full jobb begynte med Gro Harlem Brundtland, som hadde en helt annen bakgrunn enn arbeiderklassen.  De neste statsministre fra Arbeiderpartiet har mer og mer tviholdt på den lovpriste arbeidslinja. Ebba Wergeland, forsker og spesialist i arbeidsmedisin, forundres over at «den nye arbeidslinja bygger på at de fleste trygdesøkere er arbeidssky og bare kommer seg i arbeid hvis de får dårlige stønader», slik hun skrev i Dagsavisen nylig som tilsvar til nyvalgt arbeidsminister Tonje Brennas forsikring om å stå fast på arbeidslinja.

Diskusjon om arbeidslinja pågår i hele Norden. I Danmark har sosialdemokrat og utlendings- og integrasjonsminister Kaare Dybvad Bek nylig skapt rabalder med boka «Arbejdets land». Han hevder at «når flere vil nyte, og få vil yte, går velferden ad dundas», og «hvis du ikke arbeider, betaler andre». Hvis man melder seg ut av arbeidsfellesskapet, må andre betale for ens velferdsgoder. Men Bek tar også et oppgjør med det han kaller «se-meg-kulturen» og den urealistiske forestillingen at det å arbeide utelukkende skal vær et selvrealiseringsprosjekt; man vil ha en drømmejobb, ikke en jobb. Han ser heller ingen grunn til å hylle «51 år gamle direktører som slutter i arbeidslivet for å reise verden rundt, mens jevnaldrende bussjåfører, håndverkere og sykepleiere knokler videre».

Sogneprest og debattør Marie Høgh mener derimot at «ingen barn er enig med Kaare Dybvad». I en kommentar i Jyllands-Posten skriver hun at «gjennom flere tiår med tapt pliktkultur, har vi glemt at ikke bare arbeidslivet, men hele livet, er et stort forpliktende, samvittighetsfullt stykke arbeid». Hun mener at velferdsstaten ikke gir eksistensielt bidrag til meningen med livet. Hver og en må tenke over hva som gir slik mening, hvordan man kan forplikte seg overfor medmennesker og barn; og at det er dette som bør utfylle vår samvittighet, ikke velferdsideologien.

Arbeidslinja kan ha vært godt ment i starten, men har utviklet seg til en ren forbannelse for mange av borgerne, som i økende grad ser lederne i Høyre og Arbeiderpartiet som spissborgere. Hvis norske sosialdemokrater deler Beks synspunkter, står vi virkelig i fare, ikke bare for å gi full gass for utenforskap, men også til å støtte en mobbekultur.

Når barnefamilier med to inntekter ikke lenger makter å betale sine regninger, er det bl.a. resultat av arbeidslinja og den økte veksten som har ført til den inflasjonen vi nå opplever. I en krisetid med høy rente, høye matpriser og høye strømregninger, må vi innse at det nederste trinnet på Maslows behovspyramide trenger mer plass i dag enn for bare noen år få siden.

Dessverre ser fremtiden med Støre som statsminister bare mørkere og mørkere ut, dess mer han tviholder på arbeidslinja. Steen mente at Ap-ledere uten bakgrunn fra arbeiderklassen ville ødelegge partiets framtid, og at Støre ville bli en katastrofe som statsminister.