Korleis skal Bygland overleve som kommune?

Bygland og Valle kan forsvinne, hevdar økonomiprofessor og tidlegare statsråd Victor Norman. Han meiner det ikkje er mangel på jobbar, men mangel på folk som vil bu der, som er problemet. Biletet til denne kronikken er teke for cirka hundre år sidan av nokon av dei personane som vart rekna som datidas «Kjendisar» i Agder. Dei var alle frå bygda, og biletet er teke i Åseral.

Fra v. ukjent, Tarjei Kvinen, Bjørgulv Myhola, Notto Fipp og H.G. Lund

Hundre år sidan er lenge, men ikkje lenge i det lange perspektivet. Den gong var det lys i alle husa og «fråflytting» er eit misforstått omgrep. Dei fleste som budde på bygda vart buande til dei vart båra ut, mens borna gjerne flytta ut i forbindelse med skulegang og kom ofte ikkje tilbake. I Sverige er «øydegardar» vorte eit tragisk bilete av den svenske landsbygda og her i Noreg og på Agder går det sakte men sikkert same vegen. Men er utviklinga i ferd med å endre seg? Kan Victor Norman ta feil?

Det er fleire og fleire som søkar etter småbruk på bygda for å gjenopplive ein gammal draum. Hyttemarknaden har eksplodert dei seinare åra, og her i Agder er det Hovden i Setesdal og Bortelid i Åseral som er dei mest populære hytteområda. Det blir òg meldt om fleire som arbeider frå hyttene. Heimekontor er i ferd med å bli standard etter ein lang og ut-trøyttande pandemi, og då er utsikt over landlege omgivnader ofte å føretrekke. Dessutan – det er tryggare på bygda, trass i lengre avstandar til sjukehus. Det er eit rolegare liv og i samband med stadig hyppigare naturkatastrofar og terror er det tryggare på bygda.Det er òg fleire byfolk som søkar mot stader der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu. Bygland har ein vakker natur, men også avstanden frå byen er så overkommeleg at fleire bybebuarar no har skaffa seg hus eller småbruk i kommunen. Det er heller ikkje til å komme frå at vi byfolk elskar Setesdal og det er kanskje ikkje så rart. Ein myte som har gått på folkemunne er at Kristiansand består av setesdølar som ikkje rakk Amerikabåten. Det er i alle fall mange i byen med røter i dalen, og røter betyr noko for dei fleste av oss.

Likevel – trass i alt det positive – så får ein på kjensla at bygda ikkje har lyst til å leva.

Bygland har lenge vore ein versting i Agder med tanke på folketal som sakte men sikkert har sokke dei siste åra. No kan det verka som kommunen har gjeve opp og ikkje ser nokon veg ut av uføret. Og det trass i fleire byfolk som har etablert seg i kommunen. Spørsmålet er om dei blir verande.

Byglandbygda sett frå Kvålsnapen

Nyleg hadde skulptøren Aslaug Moi Frøysnes og eg eit møte med kommunedirektøren om å få sett opp ein statue av personlegdommen, oksekøyraren og historieforteljaren Bjørgulv Myhola – også kalla «Bjørgulv med stuten» – i kommunen. 21. september neste år ville vore Bjørgulvs 150-årsdag og ei framifrå moglegheit for å få opp ein statue av den kjente oksekøyraren og historieforteljaren som alltid gjekk i dølebunad.

Det vart eit litt dystert møte, der økonomien til kommunen hang som ei tung tåke på det ideloftet vi var på. «Fjorden er satsninga», sa kommunedirektøren og eg repliserte med at «fjordar har jo dei fleste kommunar langs kysten, men ingen andre har denne unike kulturhistoria». Etter møtet var vi overmanna av ein slags avmaktsfølelse. Det var ikkje venta at kommunen skulle stille med middel, men no som for tjue år sidan hadde vi håpt på eit større engasjement når nokon først har idear for å utvikle kommunen.

Forfattaren Svein Hovet skreiv då Bjørgulv døydde i 1968 nokre minneord i «Jol i Setesdal» at «Bjørgulv var ein kjempekar, men så var han av same ætt som dei kjende Uppstad-kjempene. Han hadde ei særleg evne til å temja opp oksar for køyring og var lenge største oksekøyraren på Sørlandet». Også Jannes Bjørnsen – mangeårig journalist i denne avisa – intervjua stadig Bjørgulv og var han på bytur møtte han ofte pressa.

Nyleg gav eg ut boka «Bjørgulv Myhola. Den siste av dei gamle». Boka er no i 4. opplag og har vist at interessa for den gamle levemåten og historia vår interesserer mange, og langt frå berre på bygda.

Jo færre folk som bur ein stad jo mindre pengar har kommunen òg å rutte med om ein ikkje er så heldig å vere kraftkommunar som Sirdal og Bykle. Det som for mange småkommunar i dag er redninga er kulturhistoria. Der har Bygland no den fordelen at noko av kulturen i Setesdal er inne på UNESCOs verdsarvliste. No er det tjue år sidan eg saman med dåverande næringssjef i Bygland Vidar Frøysnes lanserte ideen om å få til eit opplevingssenter basert på antakeleg den mest vidgjetne historia Setesdal har, nemleg den om kjempene i dalen, og då spesielt den største av dei alle, Bjørgulv EIvindsson Uppstad (1789-1866) og sonen hans Knut Bjørgulvson (1831-1895). Dei som båe på folkemunne vart kalla Setesdalskjempa. Og det var barnebarnet Bjørgulv Myhola som først såg for seg at vi forpliktar oss til å ta vare på historia om «neverettens tidsalder». Eg ønskte sterkt å ta draumen til Bjørgulv vidare. Eit opplevingssenter kan dra assosiasjonar til både Hunderfossen og Kaptein Sabeltann. Er ein investor og har mykje pengar mellom fingrane, då er det enklare. Men i tilfellet vårt må ein prøva å få nokon med seg på ideen, enten det er kommune eller privatpersonar. Og så har eg lært etter eit liv i tenesta til kulturen at alt byrjar med idear og vilje, og så kan økonomien komme ut av det.

I Setesdal enda historia om opplevingssenter i fyrste omgang i 2001 med at politikarene ikkje ville vera med å «heidra ei slåsskjempe». Var vi utsett for bygdedyret, eller var det avmakt? Bygdedyret var eit omgrep oppfunne av lyrikaren Tor Jonsson, som tok sitt eige liv etter å ha slegest mot dyret og mobbing i mange år. Kort fortald kallast bygdedyret for «den rurale versjonen av jantelova».

Bygland er ei skattekiste. Gaupa i kommunevåpenet fortel at eit av dei vakraste og mest sjeldne dyr vi har i Noreg trivst i Bygland. Men òg ørn og anna fugleliv. Bygland kan utfordre Prekestolen med toppturar til Ørnenapen eller Årdalsknapen. Kulturen med folkedans, folkedrakt og folkemusikk er allereie heidra. Bakom alt dette finst sogene.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s