Kjempehanda har fått ein match

Ein vinterdag for tjuetre år sidan vart eg køyrd med scooter opp til Hovsheia i Hylestad for å ta omriss av handa til Setesdalskjempa Bjørgulv Uppstad (1789-1866) som finst på ei stølsbu. Det var ei spesiell oppleving. Hytta var malen, men eigarane hadde heldigvis spart området der Bjørgulv saman med to av sønene sine Eivind og Olav hadde skore ut omriss rundt hendene. Eg brukte matpapir for at omrisset som skulle med i boka «Kjempa for Norge» skulle bli mest mogleg identisk. Det finst jo ikkje bilete av kjempa som vi veit om, så dette omrisset var det einaste «livsteiknet». Sonen Knut som også vart kalla Setesdalskjempa finst det eit bilde av som er allmenn kjent og også har vore på postkort. Inn til nyleg har eg aldri sett noka hand som har vore i nærleiken av Bjørgulvs i storleik, når dei har lagt si eiga hand oppå omrisset. I løpet av desse tiåra har mange prøvd, men ingen har vore i nærleiken å matche giganthanda.

Hånda mi ble liten i omrisset til Bjørgulv Uppstads.

Men rett før jol fekk eg tilsendt eit bilete av ei hand som var lagt oppå Bjørgulvs hand som også er gjengjeve i boka om Bjørgulv Myhola. Bilete fekk eg av Trond Trydal som i 50-årsgave frå sambuar hadde fått treffe ein av dei store barndomsheltane sine og ein person som for mange her i Noreg er den aller største finske kjendisen.

Juha Mieto (72) er nesten 2 meter lang og bruker skostørrelse 52. Når han køyrer bil, uansett kor kaldt det er, tar han av seg sko og sokkar, for det er berre berrføtt beina får plass på pedalane. Det er rett og slett sikrast for Juha å køyre slik. At den mangeårige praksisen til giganten kan vera ulovleg, bryr ikkje Mieto seg om. Han har ifølgje han sjølv ikkje noko val, skreiv den svenske avisa Expressen. Også kulda prellar av. «Eg har alltid vore kjent for blodomløpet mitt. Kulde har aldri vore noko problem, seier han.

Juha Mieto vart kjent som Finlands store langrennsløpar på 70-talet, og framleis pleier han vennskapen med Oddvar Brå frå Noreg og Thomas Wassberg frå Sverige, sjølv om han berre kan forstå og snakke finsk. Mieto tok OL-gull på stafett i 1976, men vann aldri noko individuelt gull. Han var nærast under OL i Lake Placid i 1980, eit løp mange nordmenn framleis hugsar. Finnen tapte gullet på 15-kilometeren med eitt hundretals sekund til Thomas Wassberg. Derimot tok Juha Mieto seks sigrar i Holmenkollen, derav fem av dei på 15 km.

Juha Mieto. Foto: Ukjent

Då vi i romjula var i Finland fekk vi med hjelp av tolk løyve av Juha sjølv til å offentleggjere dette bilete. Eg fekk òg førespurnad om å fortelje historia om Bjørgulv Uppstad og kjempehanda i lokalavisa i heimbyen til Mieto, Kurikka, ein by med cirka 14000 innbyggarar.  Juha, som er kjent for å vere ein svært omgjengeleg kar forklarte at han alltid, også i si tid som politikar, har vore sterkt engasjert i det nordiske samarbeidet.

Etter at den finske kjempa la handa si i omrisset til Bjørgulv kan vi fastslå at så nær i storleik har vi aldri vore før.

Foto: Trond Trydal
Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s